Det var eit motivert Åmdal-lag som turen til Ørsta. Ørsta 2 er rekruttlaget til Ørsta med mange unge spelarar, i tillegg til nokre frå a-lagsstallen.

Gjestene fekk ein god start på kampen. Terje Rebbestad og Sigurd Nybø hadde gode avslutningar, men det vart ikkje teljande resultat. Etter sytten minutt ville bortelaget ha straffespark då Rebbestad vart takla, men fekk frispark rett utanfor 16-meteren i staden. Ørsta 2 skapte halvsjansar og hadde ei avslutning i tverrliggjaren. Etter 31 minutt ville Åmdal ha straffe på nytt då Rebbestad gjekk ned i feltet, men dommar Henning Skjeret vinka spelet vidare. To minutt etterpå var Åmdal-målvakta utspelt, men avslutninga frå Torgrim Hjelle Eltvik fekk Odd-Arne Brynjulfsen klarert. Micha Rothfuchs burde gitt Åmdal leiing etter 35 minutt, men headinga gjekk like til side for mål. Åmdal hadde presse inn mot pause og etter eit hjørnespark fekk Johan Liseth Pedersen stå umarkert og heade gjestene i føringa. Ørsta 2 svarte nesten med ein gong, og Sigurd Ose heada inn utlikninga.

Sigurd Ose (midten) utlikna for Ørsta. Foto: Joachim Åsebø

Åmdal protesterte stort. Spelande trenar, Svein Erik Grevsnes, var vist vekk frå benken av dommar Skjeret for munnbruk.

Svein Erik Grevsnes(t.h.) måtte sjå 2. omgang frå tribunen. Han fekk sjå laget sitt lukkast offensivt og slå Ørsta 2 5-2 på bortebane. Foto: Joachim Åsebø

Raske Åmdal-mål

Det som skjedde rett før pause brukte Åmdal som motivasjon og fekk resultat rett etter kvilen. Rothfuchs fekk hovudet på ballen etter eit hjørnespark og 2–1 til Åmdal.

Micha Rothfuchs senda Åmdal i leiinga 2-1 rett etter pause. Foto: Joachim Åsebø

Berre eit par minutt seinare fekk Åmdal straffe, og Liseth Pedersen orda 3-1-leiing. Gjestene leverte til tider godt spel. Eit kvarter ut i 2. omgang fekk Rebbestad ballen på venstre og innlegget frå vingen gjekk rett i mål. Ti minutt før full tid slo Andre Dvergsdal eit frispark inn i feltet. Der vann Chris Patrick Aspås Kristiansen duellen og 5–1 til bortelaget.

Chris Patrick Aspås Kristiansen (t.v.) jublar for skåring saman med Jan-Ove Steinnes. Foto: Joachim Åsebø

To minutt seinare sprang Martin Endal seg fri på venstresida for vertane. Han fann Fredrik Jørgensen i feltet som fastsette sluttresultatet til 5–2.

Fredrik Jørgensen reduserte for Ørsta 2 på tampen av kampen. Foto: Joachim Åsebø

- Var gode og vann fortent

– Ørsta stilte med eit mykje sterkare lag i dag enn mot Aksla, men det brukte vi på ein god måte. Eg tykkjer at vi vinn soleklart og fortent, sjølv om Ørsta burde hatt fleire mål. Vi var gode og fekk på plass nokre spelarar som ikkje har vore med tidlegare som Robert Indrebø, seier Grevsnes som var godt nøgde med at Åmdal tok sin tredje strake siger for sesongen.

- Må verte litt tøffare i duellane

Bjarne Austrheim og Frode Følsvik som trenar Ørsta 2 var ikkje veldig misnøgde med spelet til vertane.

– Vi slepp mål på litt for mange dødballar. Dette er ein overgang til seniorfotballen, og vi må vere litt tøffare i duellane. Det blir også litt for mange enkle feil, men det var ein heilt ok kamp. Vi er eit rekruttlag og er mest opptekne av korleis vi spelar framfor resultatet.

Vartdal-tap

Vartdal spelte sin første heimekamp på Remen onsdag kveld. Aksla som kom på besøk stod med tre strake sigrar før kampen, og reiste over Storfjorden igjen med tre nye poeng etter 3-1-siger.

Åmdal og Vartdal møtest til lokaloppgjer 15. mai.