Ein tropp på tjue spelarar vart tysdag teken ut til gutelandslaget si samling i Ikast i Danmark. Blant dei tjue spelarane er Ørsta IL handball representert ved Mathias Welle Aam. For vel ein månad sidan var overskrifta i Møre-Nytt at Mathias ville på landslaget. Då hadde 16-åringen vore på si første regionale landslagssamling. No er den unge Ørsta-spelaren eit steg nærare på draumen med uttaket til gutelandslaget.

- Det var ei veldig positiv oppleving, og eg fekk spelt med mange flinke spelarar på eit høgt nivå. Eg tok nivået godt og fekk gode tilbakemeldingar frå trenarane, sa Welle Aam etter samlinga i april.

Saman med G16-laget til Ørsta har Welle Aam teke store steg i handballsesongen som akkurat er avslutta. Av trenarane på G16-laget har han blitt omtalt som ein av dei mest dedikerte spelarane.

- Han er god på det meste og vi har alltid sagt at han kan bli så god som han berre vil, har Emil Theodor Bjørdal uttalt om Welle Aam.

Gutelandslaget (LM02) skal møtast i Ikast, Danmark frå 24.- til 30. juni.