Skulane i Ørsta har tradisjon for å ta del i Skulecupen i friidrett. Tidlegare i år var konkurrerte mange elevar i Ulsteinvik, og nokre kvalifiserte seg og til fylkesfinalen. Elise Aarflot, Nikolas Amdam, Oliver Svedjan (alle Vikemarka skule) og Eskil Ringset Fuglehaug (Velle skule) tok onsdag turen til Molde saman med lærarane Espen Viddal og Frode Sundnes.

I konkurranse med elevar frå heile fylket gjorde Ørsta-elevane godt på Molde stadion. Aarflot var rask på 60 meter og vann si klasse med tida 9.21. I lengde vart det 4.-plass med eit hopp på 4,02 meter.

På topp: Elise Aarflot vann 60 meteren i si klasse. Foto: Privat

Ringset Fuglehaug tok 2.-plassen i lengder for gutar 6. klasse med eit hopp på 4.22 meter.

Eskil Ringset Fuglehaug får medaljen for 2. plass i lengde. Foto: Privat

Svedjan sprang inn til 2.-plass på 600 meter for gutar 7. klasse med tida 1.48.44.

Oliver Svedjan (t.v.) tok 2. plassen på 600 meter for gutar i 7. klasse. Foto: Privat

Amdam kom på 7.-plass på 600 meter gutar 7. klasse med tida 1.59.93.