Hovdebygda hadde ikkje fått den beste starten på årets sesong med uavgjort 2-2 heime mot Fjørtoft og 1-0 tap mot Skodje sist. Heime mot Langevåg torsdag losna det for Hovdebygda etter ein jamn 1. omgang. Like etter kvilen tok vertane føringa i kampen, og ikkje mange minutt seinare stod det 2-0. Hovdebygda fekk nettkjenning tre gongar til i løpet av omgangen og vann dermed komfortabelt 5-0. Årets første siger for Hovdebygda.

Etter å ha spelt uavgjort 3-3 mot Langevåg på heimebane sist hadde von om å kunne ta med seg poeng frå Volda stadion. Begge lag spelte seg til sjansar i løpet av 1. omgang. Midtvegs i 1. omgang fekk Volda ein gedigen sjanse til å ta leiing, og like etterpå kunne Martin Sandbakk har gitt Sæbø leiinga. Etter 30 minutt vart det litt kluss i Sæbø-forsvaret og Volda tok leiinga. Fem minutt seinare stod det 2-0 til vertane etter Stian Finnøy sette ballen i mål. 2-0 var og stillinga til pause. Ikkje ufortent og for Sæbø sin del vart det litt for lite samhandling.

Rett etter pause auka Volda 2 leiinga til 3-0. Nokre minutt seinare var det dårleg markering i Sæbø-forsvaret på eit frispark og 4-0. Terje Haugen Øye sette ballen i mål for Sæbø fem minutt seinare, men dommaren blåste frispark til Volda. Bjørnar Holen var og nær redusering, men då det var spelt 65 minutt fekk Sandbakk sitt andre gule kort og marsjordre. Volda 2 skåra på det påfølgjande frisparket og seinare vart det og 6-0. Etter eit straffespark vart sluttresultatet fastsett til 7-0. Dermed jaktar Sæbø framleis sin første siger for sesongen.