G16-laget til Ørsta har hatt ei positiv utviklingskurve gjennom heile sesongen. Laget tok seg til finalen i sluttspelet for Toppserien G16 for nokre veker sidan, og i helga var handballsesongen avslutta med storturneringa Baldus Cup på Lillehammer.

Elling Dimmen i aksjon. Foto: Johann Roppen

Ørsta opna gruppespelet med lokaloppgjer mot Langevåg, og vann første kamp komfortabelt 10-3. I turneringa var kamplengda på tjue minutt. I andre kamp vart Holeværingen slått 10-7, og avansement til a-sluttspelet var sikra.

- Det var ein gjeng med store ambisjonar som reiste til Lillehammer, men at det skulle gå så bra var det ikkje mange som trudde, seier trenar Anders Vatsaas.

G16-laget fekk god støtte frå publikum. Foto: Johann Roppen

Spelet om gruppesigeren skulle avgjerast mot HK-72 Sande og begge laga hadde vunne sine to første kampar. Det vart ein jamn kamp mellom laga som til slutt enda uavgjort 7-7.

- Sjølv om vi møtte eit svært godt lag følte vi at vi kunne ha vunne kampen.

Frå venstre: Sigurd Vinjevoll, Elling Dimmen, Nikolai Sira, Ruben Rekkedal Nydahl og trenar Anders Vatsaas. Foto: Johann Roppen

Tidleg søndag var det klart for kvartfinale og motstandar for Ørsta vart Gloppen. På ny vart det ein tett kamp, men Ørsta drog i land sigeren med sluttresultatet 7-6. Semifinaleplassen var dermed sikra og igjen venta HK-72 Sande som motstandar. Ørsta leverte ein god prestasjon, men motstandaren sikra seg finaleplassen etter 16-13-siger.

Odin Silseth Tømmerbakk. Foto: Johann Roppen

- Dette var eit lag vi kunne slått, men vi fekk to avgjerande utvisningar mot oss på slutten som gjorde at vi tapte kampen i sluttminutta. Trass i at vi tapte denne kampen kan eg som trenar vere veldig nøgd med innsatsen som vart lagt ned i helga. Det er ein gjeng som har teke enorme steg denne sesongen og som framleis har veldig mykje å jobbe med. Det kan verte ein veldig spennande sesong for både neste års G16 og herrelaget, seier Vatsaas.

Erik Melle Scharning og Odin Silseth Tømmerbakk med pokal frå Baldus Cup. Foto: Johann Roppen