Tre gull og tre sølv for Anastasia

Anastasia Humberseth gjorde det sterk under Midt Norsk Meisterskap i bordtennis i helga.

Medaljefangst: Anastasia Humberseth henta heim tre gull og tre sølv frå Midt Norsk Meisterskap i helga. Foto: Privat  Foto: Privat

Sport

13-åringen frå Ørsta representerer Skodje bordtennisklubb og deltok i seks ulike klasser under Midt Norsk Meisterskap i helga. I J13 var Humberset suveren og tok klassesigeren føre Tale Øvrelid Selvig. Det same resultatet vart det i J15. I jenter double spelte Humberseth saman med Anja Myklebust frå Tingvoll, og jentene tok gull i klassa.

I damer double var Sophie Brown-Hansen partnar, og her vart det sølvmedalje. I damer eldre junior spele Humberseth seg fram til finalen mot Corneila Dahl. Motstandaren, som er tre år eldre enn Humberseth, vart for sterk i finalen, men det vart sølvmedalje. I damer junior vart Dahl igjen for sterk for Humberseth i finalen, men 13-åringen frå Ørsta hente heim tre gullmedaljar og tre sølvmedaljar frå Midt Norsk Meisterskap.

Neste helg er det nye medaljesjansar for Humberseth når NM for yngre vert arrangert i Sofiemyrhallen i Oppegård.