Flott innsats av Ørsta IL på UM friidrett

Ørsta IL friidrett stilte med fem utøvarar på Ungdomsmeisterskap i friidrett (UM) i Steinkjer i helga. UM innandørs er Norgesmeisterskap i friidrett for ungdom i alderen 15-22 år.

UM: Ørsta IL friidrett stilte med fem utøvarar på UM: Sigrid Vartdal, Amalie Tomasgard, Johannes Eiksund, Åse Øyehaug og Hanna Hoggen Gjærset. 

Sport

Johannes Eiksund (G15) viser stadig framgang. Han sprang 60 m på 7,95 sek og sette pers med 25 hundredelar og ny innandørs klubbeekord i G15. I lengde hoppa han 4,61, sette ny pers og tok 12. plass. Han har mykje å gå på så det vert spennande å følgje han i tida framover.

Sprinttalentet Sigrid Vartdal (J16) sette pers på 60 meter med 8,28 og var berre 1/100 sek frå finaleplass. Dette er klubbens 4. raskaste tid på 60 m for kvinner og 924 Tyrvingpoeng. Ho tok niandeplassen på 200 meter på 26,78 sek og 931 Tyrvingpoeng.

Åse Øyehaug (J17) opna friskt på 400 meter og låg lenge an til ein solid pers og god plassering, men stivna på slutten og kom på 9. plass med 66,45 sek.

Hanna Hoggen Gjærset (J16) har hatt stor framgang i sprint sidan ho starta med friidrett for to år sidan. Ho sprang 200 meter på 29,16 sek og 60 meter på 8,71 sek. Amalie Tomasgard (J16) sprang 800 m på 2,36,82. Ho sprang 1500 m på ny innandørs pers, ny klubbrekord J16 og ny klubbrekord kvinner junior og senior. Amalie har stadig framgang og på stemnet viste ho svært lovande takter.

UM vart avlutta med stafettar. Hanna, Amalie, Åse og Sigrid tok 12. plass i klasse J15-17. Tida 1,56,80 er ny innandørs klubbrekord J15-17 på 4 x 200 m. Det var over 600 deltakarar på UM som vart arrangert 9.-11. mars av Steinkjeralliansen.

Olve Øyehaug, Ørsta IL friidrett