Jubelhelg for Volda handball

Volda sitt damelag er klare for kvalifiseringspel til 1. divisjon

Siger: Kine Kvalsund og resten av Volda-damane vann to kampar i helga.   Foto: Arkivfoto

Sport

Opprykk har vore det klare målet for sesongen, og Volda KHK har halde stø kurs. I helga heldt sigersrekka fram, med to nye bortesigrar i Trøndelag.

Først valsa voldadamene over Orkdal (18-41), deretter vart det ein solid siger mot Byåsen (25- 33). Dette betyr at Volda er klar for kvalifiseringskampar om opprykk mot Gneist frå Bergen.