Sølv til Ørsta-Riiber

Jarl Magnus Rieber var med på laget som tok sølv i lagkonkurransen.

Jarl Magnus Rieber tok sølv i lagkonkurransen i OL.  Foto: Foto: Granada, CC-by-SA 4.0

Sport

Ordførar Stein Aam har allereie gratulert bestefar Gunvald Sætre etter at Jarl Magnus Riiber og Noreg tok sølv i lagkonkurransen i kombinert i Sør-Korea i føremiddag norsk tid.

Det norske laget var nummer fire etter hoppinga, der Riiber leverte det beste norske hoppet.

I langrennet var Noreg oppe og snusa på gullet, men det vart raskt klart at det vart ein kamp om sølvet. Riiber gjekk tredje etappe, og heldt følgje med Austerrike. På siste etappe rykte Jørgen Graabak i frå Austerrike, og sikra sølvet. Tyskland var det ingenting å gjere med.

Jarl Magnus Riiber er son til Ann Kristin Sætre som flytta frå Ørsta og til Oslo i tjueåra.