Ambisiøse Ørsta-spelarar

FK Fortuna Ålesund inviterte dei tre Ørsta jentene, Tora Ose, Signe Vinjevoll og Kine Strande til å delta på Fortuna-trening i november og desember.
Sport

– Vi er mykje folk på trening for tida med mykje besøk av spelarar frå andre klubbar. Dette er veldig kjekt, då vi kan bidra med å gje desse spelarane gode referansar, samstundes som vi skapar gode relasjonar mellom oss, spelarane og mange klubbar på Sunnmøre, skriv Fortuna-trenar Magne Elde på Facebook-sidene til klubben.

– Kjekt å få trene med dei beste

Tidlegare i haust gjekk klubben ut på sine heimesider og i sosiale medium og oppfordra ekstra dedikerte og motiverte jenter til å kome og prøve seg i lag med fylket sine beste fotballspelarar på jentesida. Ose, Vinjevoll og Strande er alle ambisiøse og ønsker å nå langt innan idretten sin, og ville prøve korleis det er å trene med dei beste. Ørsta-jentene greier ikkje å få med seg alle treningane, men har sett seg ei målsetting om å vere med på eit par treningar i veka fram til midten av desember.

– Det er jo veldig kjekt å få lov til å trene i lag med dei beste. Når vi får ein slik sjanse, lar ein ikkje den gå ifrå seg, seier jentene.

– Vi blir veldig godt tatt imot av Fortuna-spelarane, spesielt kapteinen Mette som viser at dette er noko dei også set pris på, legg Tora til.

– Korleis er Fortuna-treningane?

– Det er sjølvsagt mykje høgare tempo i spelet og spelarane er sterke og raske. Øvingane er kjekke og vi kan kjenne igjen ein del ifrå vår eigen treningskvardag i Ørsta. Den store forskjellen er nok tempoet og råskapen til enkelte spelarar. Det er kjekt å sjå kor lista ligg. Så gode må vi verte for å kunne spele her sjølve. Dette gir inspirasjon til å jobbe vidare framover.

Prøvar å henge med på alt

I ei hektisk førjulstid er det mykje som skal rekkast over. Treningane tek tid, men jentene prøver å henge med på alt.

– Det er jo travelt, men også kjekt. Reisinga utover tek tid, men vi får også med oss det som skjer på skulen. Eg var på elevkveld her ein kveld i staden for ei trening, seier Tora.

– Av og til må ein berre velje. Jula kjem kvart år, men eit slikt tilbod er ikkje sikkert vil komme like ofte, så her prøver vi å henge med på alt, ler jentene.