Gav alt over stokk og stein

Rekorddeltaking og stor innsats i hinderløpet Over stokk og stein.
Sport

Med rekorddeltaking og solskin låg alt til rette for hinderløpet Over stokk og stein som vart arrangert for tredje gong i Follestaddalen laurdag.

Rundt 270 stilte til start i dei ulike klassene, frå mosjon/familie, til konkurranseklassene.

- Det unike med dette hinderløpet er at vi nyttar mange naturlege hinder. Vi nyttar oss av det naturen har å gi, seier arrangør Arve Haugland.

Deltakarane må forsere tømmerstokkar, bere stein og stokkar, hoppe over rundballar og klatre i tårn. Der er også eit straumgjerde dei må krype under, høge klatrestativ m.m.

- Kjempegøy, men hardt, er konklusjonen frå Ariana Rebbestad, som kom først i mål av kvinnene i mosjons/familieklassa.