Vartdal-siger på Høddvoll

Vartdal viser god haustform og Sæbø tok poeng på bortebane.

Vartdal slo Hødd 3 3-2 på Høddvoll onsdag. F.v. Steffen Roth, Terje Fremmerlid Brandal og Rolf-Audun Vartdal.  Foto: Ann KAtrin Hjorthaug

Sport

Onsdag kveld var både Vartdal og Sæbø i aksjon i 6. divisjon avdeling to i lokalfotballen. På Høddvoll tok Hødd 3 imot Vartdal. Gjestene tok føringa i kampen ved Steffen Roth og same mann dobla leiinga litt seinare. Vertane slo tilbake og reduserte før dei utlikna til 2-2. Rolf-Audun Vartdal skåra så for Vartdal før laga gjekk til pause. Det vart ikkje skåringar etter kvilen og Vartdal kunne juble for 3-2-siger på bortebane. Ifølgje rapportane spelte Vartdal-målvakt Terje Fremmerlid Brandal ein solid 2. omgang der han m.a. redda eit straffespark. Etter sommarferien står Vartdal med tre strake sigrar og laget viser at dei har haustforma inne.

Sæbø tok turen til Fosnavåg for å møte Bergsøy 2. Med bortesiger ville Sæbø berre vere eitt poeng bak serieleiar Åmdal. Tidlegare Volda-spelar Ole Magne Rotevatn gav vertane leiinga tidleg i kampen, men Sæbø slo raskt tilbake ved Marius Riise. Bjørnar Holen gav gjestene leiinga før pause. Etter kvilen fekk vertane tildelt straffespark, og laga var igjen like langt. Begge lag skapte sjansar mot slutten av kampen, men utan teljande resultat enda det uavgjort 2-2. Dermed er det tre poeng som skil Åmdal og Sæbø på tabellen. Åmdal spelar heimekamp mot Åheim/Stad fredag.