KFUM Volda Volleyball klare for NM U17 og U19

KFUM Volda stiller i år med heile fire lag i NM for aldersbestemte lag, GU19/ JU19 i Molde komande helg og GU17/JU17 i Oslo neste helg.
Sport

Laga møter tøff konkurranse, enkelte av motstandarlaga har spelarar med over 50 landskampar på aldersbestemte lag. Men Volda-laga har både enkeltspelarar på nasjonalt toppnivå, godt treningsgrunnlag og framifrå samspel, og fleire av laga bør vere kapable til å kjempe heilt i toppen. Nokre av Volda-laga har for høvet henta heim forsterkningar frå ToppVolley Norge, slik mange klubbar gjer til NM.

Sterk sesong

KFUM Volda som klubb har hatt ein sterk sesong. Både dame- og herrelaget har vunne si 2.-divisjonsgruppe og skal spele kvalifisering til 1. divisjon i april. Dei aldersbestemte laga har vunne det meste dei har stilt opp i, mellom anna Førde cup (med sterke deltakarklubbar frå heile Vestlandet) der KFUM Volda tok gull i både JU17 og GU17-klassen. Regionlaga (U16) til Møre og Romsdal var dominerte av Volda-spelarar både på jente- og gutesida, der gutane like godt vart noregsmeistrar. Det gror godt også på Mini- og U15-trinna, slik at alt ligg til rette for ei ny stordomstid for volleyballen i Volda i åra som kjem.

Klubben er forspent med sterke trenarkrefter. Fleire av trenarane er sertifiserte på høgste og nest høgste trenarnivå i nasjonal samanheng. Hovudtrenar på jente-/damesida Vlado Todorov har tidlegare trent landslag i Bulgaria og Saudi-Arabia, han har med seg Bodil Brænde Helle og Håkon Bø. Trenarane på gutesida er kjende volleyballnamn som Bae, Røv, Bernås og Sjøholt.

Spent på resultata

Leiar i KFUM Volda Rune Aarflot er spent på resultata i NM, spesielt på jentesida.

– Mange av jentespelarane er faste på damelaget som har hatt ein fantastisk sesong. Jentene er godt samspelte, og har hatt mange ekstratreningar fram mot NM, så dei kan nok overraske mange av motstandarlaga. GU19-laget har gjennom fleire år vist at dei er blant topp fem-seks i landet, og eg håpar at dei i år endeleg kan få ei etterlengta medalje. Sidan mange av spelarane på gutelaget går på ToppVolley Norge har det vore litt utfordrande å få speletrening saman. I denne sesongen har laget vore samla oftare slik at dei har fått trent meir saman, noko vi håpar vil gi gode resultat. Nokre av dei sentrale spelarane på laget har slite med skade gjennom sesongen, men eg håpar at det går seg til no til NM.

Gu17 hevda seg i toppen i fjorårets U15-NM som siste års gutar. Laget har i år hatt fleire spelarar på regionlaget for Møre og Romsdal, og tok gull i regionlags-NM. Laget er godt samspelte og kan nok hevde seg godt i NM, sjølv om dette er første året i U17 for dei fleste på laget.

KFUM Volda Volleyball