Kvalen satsar i Italia

Jonas Kvalen har signert for italiensk klubb. – Eg byrjar å nærme meg draumen.

Ny klubb: Jonas Kvalen frå Volda har signert kontrakt med den italienske volleyballklubben Rinascita Volley Lagonegro. 

Satsar: Jonas Kvalen håper på vidare god utvikling og moglegheite for å vise seg fram i Italia. 

Sport

Jonas Kvalen (24) frå Volda har spelt sin siste sesong for Prefaxis Menen i den belgiske toppdivisjonen i innandørs volleyball. No tek han steget vidare til Italia, då han nyleg signerte kontrakt med den italienske volleyballklubben Rinascita Volley Lagonegro.

Dette er fjerde sesong i utlandet for Jonas Kvalen. Han starta proffkarrieren i eliteklubben Indykpol AZS Olsztyn i Polen i 2012. Siste to sesongane har han spelt for to ulike klubbar i eliteserien i Belgia. No står han klar for å utvikle seg vidare i den italienske klubben som spelar i andreligaen (A2) i Italia.

– Eg skal spele i ein liga eg alltid har villa spelt i. Dette vert veldig spennande. Å spele i Italia er utan tvil eit steg opp. Eg byrjar å nærme meg draumen, opplyser Jonas Kvalen til Møre-Nytt.

Klatrar oppover

Volleyball er ein av dei mest populære sportane i ltalia. Om ein vil satse på å verte profesjonell volleyballspelar må ein ut av landet, fortel Kvalen.

– Volleyball er lite her i Noreg. Om ein vil satse profesjonelt må ein ut i verda.

Avreise til Italia blir i august. Klubben han skal spele for ligg i byen Lagonegro, som ligg sør i Italia i provinsen Potenza. Byen ligg om lag 650 meter over havet og har i underkant 6000 innbyggjarar.

– Dette blir kult og eg ser fram til å byrje. Eg har fått høyre at volleyball er stort på denne plassen og at dei har mange supporterar. Men eg veit eigentleg lite kva som ventar meg. Det er ein relativt ny klubb og dei held framleis på med å byggje laget. Eg var ein av dei første til å bli signert, då eg skal spele ein posisjon som heiter diagonal, som står for hovudangrepet på laget. Eg får mykje speletid og moglegheiter til å vise meg fram. Målet er å utvikle meg og klatre oppover, og kanskje ein dag kome med på lag i A1-ligaen i Italia, fortel Kvalen.