God interesse for fjellmaraton

Om to veker vert Ørsta fjellmaraton arrangert for første gang, og initiativtakarane har von om at dette blir eit fast arrangement.

Fjellmaraton: Deltakarane i Ørsta fjellmarathon vil få god utsikt over Ørsta, Hovdebygda, Follestaddalen og Åmdal om to veker. Her er ein av initiativtakarane, Arve Haugland, på tur gjennom løypa. Foto: Ørsta fjellmaraton 

Sport

Bak Ørsta fjellmaraton står initiativtakarane Martin Hauge-Nilsen, Arve Haugland og Arild Foldal. Dei lét seg inspirere etter å ha lest boka «Født til å løpe», og tenkte på kvifor det ikkje var eit tøft fjelløp i Ørsta.

– Målet vårt er å arrangere eit løp utan funksjonerer, og deltakarane har ansvar for seg sjølv. Vi har prøvd å leite opp gode stiar som ikkje treng så mykje meir merking, og som vil vise mest mogleg av Ørsta. Løypa vil ha godt utsyn til Hovdebygda, Ørsta, Åmdal og Follestaddalen, seier Haugland.

Laurdag 25. juni går startskotet på gardstunet til Haugland på Barstad. Vegen går så til Brekkheida, Kråkenakken, Grøthornet, Sandhornet, ned til Rambjørnhornet og vidare ned til Mosætra. Derifrå skal deltakarane følgje ein skogveg og sti før dei kjem til Daleteigane.

– Vegen går vidare til Kanalvegen opp bak Øvre Mo, og det er stiforbinding mellom Kanavegen og Barstadheia før deltakarane kjem i mål og til runding.

Løypa er på rundt 21,4 kilometer. Ei runde tilsvarar halvmaraton og to rundar tilsvarar maraton.

– Dei som skal gjennomføre maraton snur på Barstad før dei byrjar på runde to. For deltakarane er det offisiell helseplinkt i løypa, og dei må gjerne slå av ein prat om dei har tid til det.

– Overraskande stor interesse

Ørsta fjellmaraton promoterer seg sjølv med å vere Noregs billegaste fjellmaraton, og initiativtakarane seier at ikkje gjer dette for å tene pengar.

– Det er meininga at deltakarane skal klare seg sjølv i løypa, og det er ikkje mat/drikkestasjon undervegs. Ved runding og målgang serverer vi litt enkel mat og drikke. Deltakarane må ha seg mobiltelefon grunna tryggleiken. Det er nokre som har meldt seg på som ynskjer å gå distansen, og det er det mogleg å gjere.

Interessa for Ørsta fjellmaraton har vore god, og det kjem deltakarar frå Austlandet for å ta del i det første fjellmaratonet i kommunen.

– Interessa har vore overraskande stor. Då vi byrja å tenke på dette trudde vi på eit deltakartal mellom 10–15. Om vêret blir bra tippar eg at 25–50 deltakarar står på startstreken, og vi vonar at dette vert eit fast arrangement i år framover.

Arrangøren skal springe gjennom løypa ein gang til før løpsstart, og løypa vil truleg vere heilt snøfri om to veker.