Cupfinalehelga i Oslo er ein fest for volleyballmiljøet i Noreg. I herrefinalen møtest NTNUI og Førde i år, og på begge lag spelar voldingar. Sverre Flåskjer er inne i sin første sesong for Førde, og skal i aksjon i sin første cupfinale 16. januar. For NTNUI finn vi brørne Arjan og Sigurd van Dijk Festøy som også skal i aksjon i cupfinalen for første gang.

– Vi er eitt studentlag som er i cupfinalen og det er heilt fantastisk. Det er første gang på 40 år at NTNUI er i cupfinalen. Alt er eigentleg bonus for vår del, og vi skal kose oss, seier Sigurd van Dijk Festøy.

Medan NTNUI ikkje har spelt cupfinale på mange tiår har Førde vore der fleire gonger.

– Vi går inn i kampen med von om å vinne. Viss vi ser på tabellen no så ligg NTNUI øvst, og dei har gjort sakene sine bra denne sesongen. Dei er kanskje ein liten førehandsfavoritt, seier Flåskjer.

Dei tre voldingane har alle gått gradene i KFUM Volda og teke NM-medaljar på aldersbestemt nivå. 16. januar står dei på kvar sine banehalvdel i Domus Athletica og skal kjempe om NM-gullet.

– Det er ingen tvil om at det er ein heilt open kamp. Vi har spelt mot kvarandre ein gang tidlegare denne sesongen. Det vart ein maratonkamp der det var heilt jamt. Vi trakk det lengste strået i den kampen, men det var på heimebane med god støtte frå heimepublikummet. No er det kamp på nøytral grunn, og Førde brukar å ta med seg heile bygda når det er cupfinale. Så vi får sjå korleis det går denne gongen. seier Sigurd.

– Årets kamp i Noreg

Sverre og Arjan har spelt saman for KFUM Volda tidlegare, medan Sigurd er nokre år eldre.

– Vi har spelt saman her i Volda og det er stort for oss å få spele cupfinale, seier Arjan.

Sverre og Arjan er begge i slutten av tenåra, men satsar litt ulikt. Flåskjer har ambisjonar om å bli best mogleg, og vonar at Førde er rette klubben for vidareutvikling. Van Dijk Festøy har akkurat byrja på ein lengre utdanning i Trondheim.

– Det passa meg godt at det var eit godt volleyballtilbod, men for min sin del vert det meir ein hobby sjølv om eg er dedikert.

Det er venta rundt 1.500 tilskodarar under cupfinalen i Oslo

– Som volleyballspelar er det ingen tvil om at cupfinalen årets kamp i Noreg. Det er ein festdag for norsk volleyball. Det kjem til å bli heilt fantastisk, og vi gler oss, seier Sigurd.