Møre-Nytt

Har du ein video eller bilete du vil sende til Møre-Nytt? Då kan du bruke denne lenkja.

«Månadens beste lesarvideo»

Bli med i videokonkurransen «Månadens beste lesarvideo» ved å sende inn video her. Temaet for februar er KJÆRLEIK - det kan vere videoar som viser alt mellom kjærleik for naturen og kjærleik for nokon vi er glad i. Premien er ein termokopp frå SøreTV med noko godt oppi.

SøreTV

Vi vil gjerne sjå spanande, morosame eller kjekke videoar - av både dyr, folk og natur. Har du eit videoklipp du vil sende inn til SøreTV, utan å ha det med i konkurransen? Då kan du sende inn via denne lenkja.

Problem med innsending? Send e-post til lisa.bendal@vikebladet.no. SøreTV tek seg retten til å korte ned videoane.

SøreTV er i gong med produksjon av ny serie, og er no på jakt etter potensielle deltakarar som ønskjer å vise fram heimen sin. Kjenner du nokon som har ein flott bustad eller som legg mykje sjel og tid i heimen sin? Vi er på jakt etter forskjellige bustader på Søre Sunnmøre; alt frå små koselege hus med gammal stil, til store nye hus med meir moderne stil.

Send tips på e-post til videojournalist Lisa Bendal: lisa.bendal@vikebladet.no.

SøreTV er ei nysatsing frå tre av dei lokale mediehusa på Søre Sunnmøre: Vestlandsnytt, Møre-Nytt og Vikebladet Vestposten. Har du idéar til videoprosjekt eller har lyst til å dele ein video du har filma, ta kontakt med videojournalisten på lisa.bendal@vikebladet.no.