Bondeguten som vert ordførar

Kvar søndag frå ti til tolv står Stein Aam (65) skulerett på Vatnebørsen. Det vil Ørsta sin nye ordførar halde fram med.
reportasje

– Men no må eg vel bite i meg endå meir frå karane på børsen, humrar Aam som likar å prate, og som er lett å prate med.

– Det er vel den beste eigenskapen min det, evna eg har til å snakke med folk. Eg snakkar med alle, rubbel og bit, det er givande og viktig, men helst ikkje etter klokka halv elleve om kvelden, då er eg overmogen for senga, fortel Aam og skjenkjer svart kaffi i kvite krus.

Vi sit i kjellaren på Ørstaheimen. I enden av ein korridor på eit intimt, lite kontor sit Stein Aam bak ein dataskjerm og sjekkar om energisystemet på institusjonen verkar som det skal. Stein har i ti år vore sjef for vaktmeistrane på institusjonane på Vartdal, Sæbø og i Ørsta sentrum, og i tillegg har han overordna vaktmeisteransvar for åtti kommunale leilegheiter.

LES OGSÅ: Her er dei mest populære politikarane

 Etter brakvalet for Senterpartiet, pakkar snart Aam sakene og flyttar inn på ordførarkontoret på rådhuset. Det er duka for nye tider for mannen som har tre vaksne born, og som bur på Vatne med fri sikt til Bondalseidet og Vatnevatnet. Der deler han hus kona Aud. Som næraste naboar har dei eldstesonen Hallgeir med kone og borna Sigurd (6) og Sondre (3).

Dei bur i eit restaurert hus, barndomsheimen til Stein der han hadde ein førsteklasses oppvekst med foreldra Tordis (fødd Kleiva) og faren Harald Aam Vatne. Tordis, ei kvinne som viste totalavhald mot alkohol, hadde ifølgje Stein ein uvanleg sterk rettferdssans. Dette meiner Ørsta sin nye ordførar har vore med å forme han som person. Og Stein Aam er komfortabel med å vise måtehald til alkoholen. 

Engasjert

Jovial, omgjengeleg, løysingsorientert og engasjert. Eit ja-menneske med mange interesser, og ein svært sosial person. Dette går att når vi ber kjenningar vurdere 65-åringen, yngst som han er av fire sysken. Stein Aam er mannen som har fagbrev som verktøymakar, som var innom Grepa-fabrikken ein knapp femårsperiode, og som var i ferd med å utdanne seg til yrkesskulelærar, men som midt opp i dette vart utfordra: Faren, som dreiv garden, hadde kome opp i åra, og Stein vart spurd om han kunne vere interessert i å ta over.

LES OGSÅ: – Det er ei ære

Ingen av dei andre syskena ønskte dette, og då vart det til at heimekjære Stein, som meiner han er konstruert for 12 varmegrader og skodde, hoppa av lærarplanane i ei tid då han også måtte kona Aud, fødd Sandbakk, som han no har vore gift med i trettiåtte år. Og med skøyta for eigedomen i handa vart det husbygging og gardsdrift.

Men han måtte også ha noko å leve av, slik Aam uttrykkjer det, og ein periode seinare fekk han vaktmeisterjobb på det som då heitte Mork Senter. Helsesjef Hallvard Natvik i Volda hadde behov for ein staut ørsting, og på Mork tamde dei villhesten Stein Aam som vart verande der i heile tretti år.

– Gjennom samværet med gode kollegaer på Mork vart eg rolegare som person og meir reflektert, og lærte mykje av den tverrfaglege jobbinga der. Eg vert nesten rørt av å snakke om den fantastiske ånda som rådde på Morksenteret dei første åra. Mork vart nesten som ein heim for meg.

Iveren etter å spele på lag drog Stein med seg til idretten. Stein er kjent for eit sterkt engasjement for idrettsrørsla der han sat i byggjenemnda for Kiwihallen, eit prosjekt Stein og mange andre fekk realisert.

Æresmedlemen i Ørsta IL er også kjent for å ha vore ein god fotballspelar. Han har nær 400 a-kampar for Ørsta, er truleg toppskårar gjennom tidene (Stein er noko usikker på om nordfjordingen Asle Myrold kan ha skåra litt fleire), og venstrekantspelaren var kjent for ein heilt spesiell tøtsj då han tok frispark. Så god var Stein at han fekk tilbod frå eit lag i det som då heitte andredivisjon, og som no heiter OBOS-ligaen.

– Eg vurderte dette nøye, og sa nei fordi eg ikkje ville svikte Ørsta. Men eg angrar på at eg ikkje prøvde meg på eit høgare nivå.

Det var ikkje så mange som sprang frå fotballspelaren som har 6,9 sekund som pers på sekstimeteren, og som også markerte seg innan friidrett, der han hoppa 3 meter og 21 cm i lengde utan tillaup. Ein spenstig kar altså som gjerne tok sats: I hoppbakken kan han skilte med å vere fylkesmeister. Etter at Stein la opp som fotballspelar vart han trenar, både for Åmdal og Sæbø. Og mannen vart berykta for å vere steintøff. Spelarane spytta blod etter treningane, og ei treningsløype på Sæbø vart kalla opp etter han. Etter ei trening uttalte ein spelar at «det no var på tide å jage denne mannen heim att over eidet før det gjekk liv».

Siste åra er det langrenn som har dominert Stein sitt friluftsliv vinterstida. Styreleiaren i Ørsta skisenter, og medlemmen i Åmskarets venner, er ofte å sjå i løypa til Åmskaret. Og så har han vore med i Birkebeinarrennet fem gonger etter at han passerte 58 år. Når det er bart har Stein si faste joggerute på Vatne kvar søndag, etter at han har delteke på den faste søndagsbørsen saman med ein gjeng erkevatningar som har meiningar om det meste.

– Å drive med idrett har gjeve meg mykje, ikkje berre gode vennskap, men også god helse, seier Stein som ikkje skal skuldast for å vere latsabb. Han står opp kvar dag før klokka seks, går i fjøsen, får i seg ei brødskive før han syklar ned til arbeidsplassen i sentrum.

Politikar

Stein debuterte som politikar i 1984 då han kom inn som vara i kommunestyret for Senterpartiet og vart fast medlem i kulturstyret. Det var diskusjonen om lokalisering av ny skytebane for Ørsta/Volda som vekte det politiske engasjementet i mannen. Dyrkamarka i Vatnedalen var eit av alternativa. Aam mislikte dette, og byrja å snakke med politikarar om saka, og fleire merka seg at denne mannen kunne ha noko å fare med i politikken.

Senterparti-Stein høyrer til ei blokk i kommunestyret som har inngått valteknisk samarbeid. Og det vert altså ikkje bygt nokon politisk plattform mellom samarbeidskameratane Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Sp. Det kan verte tøffe tak. Og veit Stein Aam kva han går til?

– Ja, det gjer eg. I åtte år var eg dåverande ordførar Nils Taklo si høgre hand, Taklo, som var læremeisteren min, var svært dyktig, og då lærte og erfarte eg mykje. Eg har også vore vara i fylkestinget og i helse- og sosial på fylket.

Eg veit det vert tøft, men med den gode personkjemien som rår mellom politikarane er eg overtydd om at det framleis vert vist stor vilje til å vere løysingsorientert, og at vi får størst mogleg grad av vedtak som er samrøystes. Eg skal i alle fall gjere mitt for dei gode prosessane, insisterer Stein som likar å fargeleggje praten. Frå talarstolen i kommunestyresalen er mannen kjent for å vere klar, tydeleg og uredd, sjølv om han ikkje likar konfliktar, og seier han er ein snill person, men som meir enn nokon toler ei breiside.

Audmjuk

Stein er audmjuk og stolt over eit godt personleg kommuneval. Og han seier han vart noko overraska over den store støtta som førte til åtte Sp-representantar i kommunestyret.

– I 2004 vart eg oppmoda om å stille som Sp sin ordførarkandidat då det var direkteval til dette. Då vurderte eg sjansane som større for å verte ordførar enn no.

Nytt legesenter, auka støtte til lag- og organisasjonar, sjukeheimsdrift på Vartdal, Sæbø og i Ørsta sentrum – og gode skule- og barnehagetilbod – er nyeordføraren sine hjartesaker. Men

gardbrukaren vil også fronte landbrukspolitikken langt sterkare, og kjem til å ha ei ordførardør som er vid open for alle. Han støttar fullt ut bygging av ein ny idrettshall snarast råd når økonomien tillèt det. Stein meiner det også snart bør startast ein prosess med å få planlagt eit badeanlegg i tilknyting til hallen med eit realiseringstempo som kommunen si lommebok kan tole.

Helsing

Når Rune Hovde no må rydde kontoret sitt kjem nyeordføraren med ei helsing.

– Eg er imponert over det Hovde og Høgre har gjort i denne perioden der dei saman med kommunestyret har rydda opp i økonomien, der Høgre til og med såg at dei måtte innføre eigedomsskatt. Det står respekt av dette.

Ting skal lærast og avklarast framover for Stein Aam, ikkje berre kva som skal skje med gardsdrifta og den 110.000 liter store mjølkekvoten, og om han må leige inn folk. Stein må også lære ny klekode.

– Eg er ein enkel bondegut, og trivst dårleg i dress, men kona seier eg må vere skamlaus som ordførar, så eg må vel ut og skaffe meg ein ny, smiler Stein og løftar mobilen. Telefonen ringjer i eitt. Mange vil gratulere, også frå uventa hald.

– Eg føler eg har mange innbyggjarar i ryggen, det kjennest godt. Men eg kjem til å tene for mykje.

– Kva?

– Ordførarløna er for høg, ja, det meiner eg verkeleg. Eg er nesten skjemd av å skulle tene godt over 900.000 i året!

Sjølv om grenda Vatne har fått ein ordførar i området har folket føtene godt planta på bakken, også Aud som har fått nokre gratulasjonar om at ho no vert «ordførarfrue» og «førstedame». Det nektar ho å godta.

– Eg har alltid vore kjerringa til Stein, og det skal eg halde fram med, seier ei mild og bestemt dame som er stolt over at ektefellen vert kommunen sin øvste leiar. Ho trur Stein vil klare jobben godt.

– Skulle han ta av, så skal eg nok få jekka han ned.

Stein smiler. Han er svært takksam for det Aud har gjort for han og heimen i alle år når han har vore vekke, av og til dag og natt.

– Ho fortener massevis med blomster!