CD-aktuelle Per Inge syklar sine eigne vegar

– Eg leitar heile tida etter eit frø som kan verte ein song, seier Per Inge Rebbestad.

Musikar: Per Inge Rebbestad har nyleg gitt ut CD-en «different beast» med sjølvlaga tekster og melodiar - Når eg skriv er det drøymaren i meg som første utfaldar seg. 

Eg håpar også at eg med songane mine kan bidra til at folk får eit nytt perspektiv

reportasje

Dette frøet kan eg finne kvar som helst; i eit ansiktsuttrykk til nokon eg møter, i eit ord eller ei feiltolking av eit ord, i ein samtale, eller i noko eg har lese eller opplevd. Songane på «different beast» handlar om verdas tilstand no. Eg vil fortelje om dei nesten usynlege menneska ute i margen som ikkje vert sett, dei eg identifiserer meg med. Eg vil fortelje historiene deira på ein måte som lyfter dei opp, ikkje trekkjer dei ned.