Vil helst ikkje gje frå seg godferja «Goma»

Om nokre få dagar blir 51-åringen – frå Liaaen – pensjonert. Tjue år for tidleg, synst maskinsjefen (79).

spesiell: Ikkje berre er prakteksemplaret av ei tidleg pendelferje i god stand. Eventyret av ein motor gjer «Goma» heilt spesiell og verneverdig. Ja, heilt på tampen vert ferja på Hjørundfjorden filmstjerne i Hollywood også. Mannskapet har ikkje lov å seie anna enn at «Goma» er med! Men tida i Fjord-1-teneste er likevel på hell. For gale, meiner mange. 

reportasje

(Sunnmørsposten): Olav Espenakk er nærare 80 år enn han har lyst å medgje. Han rekkjer oss høyrselsvern og gjev raust leide ned i det aller heilagste – romet der det bankar eit svært raudt hjarte av finaste danske støypegodset: Ein vakkert saktegåande Callesen.