Lag di eiga blomstereng

Ei blomstereng er for mange sjølve symbolet på norsk sommar. Men det er blitt færre blomsterenger og slåttemarker rundt oss. Heldigvis er det ein aukande trend å lage si eiga, fargerike eng i hagen – til glede og nytte også for insekta.

Omvisning: Botanikar Kristina Bjureke ved Botanisk hage i Oslo under ei omvising i slåttenga deira. Foto: Kari Hamre / NPK  Foto: Kari Hamre

reportasje

Slåtteenger er blant dei mest artsrike naturtypane vi har her i landet. På ein kvadratmeter kan du vere heldig å finne opptil femti ulike planteartar. Desse blømande engene er vakre og fargerike og sjå på, og i tillegg ein oase for sommarfuglar, humler, bier og fuglar.

Frå eng til asfalt

Før i tida fanst det slåtteenger over alt i Noreg. Kvart gardsbruk hadde marker som vart slått til vinterfôr til husdyra. No har ein del blomsterenger og slåttemarker forsvunne. Dei har måtta vike for til dømes bustad- og industribygging og parkeringsplassar. Intensivering av landbruket og mindre slått og beiting i utmarka har også endra kulturlandskapet. I dag er over 80 prosent av slåtteengene våre borte.

Dette har fått konsekvensar for villplantar og pollinerande insekt som trivst i dei gamle engene. Dei har fått leveområda sine øydelagde og det biologiske mangfaldet har rett og slett blitt mindre. Pollinerande insekt er dessutan avgjerande for at frukt, bær og andre matplantar kan gi avling.

Innsats for mangfaldet

Men det går an for oss å gjere ein innsats for blomsterengene og insekta som finn maten sin der. Både balkongkassar, vegkantar, villa- og rekkehushagar og terrenget rundt hytta di kan eigne seg for små og store blømande «enger».

– Interessa for blomsterenger er heilt klart aukande. Vi opplever eit anna medvit blant folk no samanlikna med tidligare. Og det er veldig positivt, seier botanikar Kristina Bjureke i Botanisk hage i Oslo. Ho og kollegaene har laga ei slåttemark i ein del av den botaniske hagen i hovudstaden med ville engplantar frå osloområdet. No har dei klart å få fram 64 ulike artar som besøkjande kan hente inspirasjon frå og lære av.

Typisk for landsdelen

Den originale blomsterenga inneheld blomster og plantar som er typiske for nærområdet og landsdelen. Jorda må vere næringsfattig for at dei rette artane skal trivast og vekse. Jorda har gjerne ei blanding av grus og sand. Mange av plantane i ei slåtteeng, er heilt avhengige av regelmessig slått og næringsfattig jord, for å overleve konkurransen med andre meir konkurransesterke artar.

– Slåtteeng er ein viktig, fin naturtype å ta vare på. Har du ei skråning eller eit ulendt område av hagen med grus, stein og sand, kan det eigne seg godt for å lage blomstereng der, seier Kristina Bjureke.

Få vekk ugraset

Men det er viktig å spa opp uønskte artar frå området der du vil lage ei blomstereng med villplantar. Ugras vil du ikkje ha. Dei kan ha lange røter, opptil 40 cm på det verste, og tek ofte knekken på dei konkurransesvake engblomane.

Dyrkingsområdet må ha ei blanding av grus og jord, og kanskje litt lauvkompost. Det gir næringsfattig jord. Kjøkkenkompost er næringsrik og er ikkje eigna.

Plukk lokale frø

Det er viktig å bruke lokalt frømateriale. Det vil seie frø frå artar som er tilpassa regionen der du bur.

– Kjøp ikkje ei ferdig frøblanding på hagesenteret. Frøa kan nemleg kome frå utlandet, og dei er ikkje tilpassa norske klimaforhold. I tillegg kan dei føre til genetisk forureining av norsk flora. Vi sel frø frå osloområdet. Nibio i Grimstad er også byrja selje frø frå ulike regionar, tipsar Bjureke, men oppfordrar oss til å gå ut og plukke sjølv.

Frå slutten av juli til byrjinga av oktober kan du samle frø av vanlege engartar i nærområdet ditt. Det er viktig at frøa er modne. Det er dei når dei er så tørre at dei drys.

– Ta deg gjerne først ein tur når plantane blømer, slik at du veit kva artar det er. Det er nemleg ikkje like lett å sjå når dei står med frøstand, seier Bjureke og understrekar at vi aldri må plukke frø frå sjeldne og trua artar.

Frøa må liggje tørt og kjølig fram til du skal så dei. Du kan enten forkultivere i såbrett inne i februar–mars eller så rett i jorda litt seinare på våren. Dersom du sår rett i jorda ute, treng du mange fleire frø. Ein del frø blir nemleg etne av fuglar eller blir skylde vekk med regnvatn. Andre kan tape i konkurransen med andre frø som er i jorda.

Pluggplantar (innesådde) er store nok til utplanting i juni månad. Set plantane i klynger slik at det ser naturleg ut. Tenk også på fargane, slik at det blir variert og fargerikt. Det kan gjerne sjå litt kaotisk og vilt ut.

Dersom enga di skal liggje i ei skråning må dei artane som toler mest tørke stå øvst. Det blir best resultat om enga har god tilgang på sol. Hugs at alle småplantar treng vatn i byrjinga.

Slåtten er viktig

– Nokre plantar treng kanskje to–tre år til å etablere seg. Så fortvil ikkje om blomsteren blir liten og pistrete det første året, seier botanikar Kristina Bjureke.

Når du har fått til enga di må ho slåast med hjå eller slåmaskin/grasklippar som er stilt høgt. Du bør helst slå seint på sommaren, etter at blomane er avblomstra og har sett frø. Du fjernar høyet etter nokre dagar når frøa har falle ned i jorda – og slik sår seg sjølv til plantar som kan vekse på nytt neste år. Dersom høyet blir liggjande og rotne fører det til uønskt næring til jorda.