På tur til Bakketunet

Laurdag 29.6.19 laga Ørsta Røde Kors Omsorg til Ut på tur.

I bakketunet: 47 personar tok del i Ut på tur førre laurdag. Då gjekk turen til Bakketunet på Bjørke.  Foto: JOstein Vatne

reportasje

Deltakarane vart henta heime og me samlast på Nekken før me tok laust på turen.

Fyrste stopp var på rasteplassen ved Hjartåbergtunellen. Deretter køyrde me samla til Austefjord sentrum og vidare rundt Sundalen før me stoppa på Grodås der dei fleste kjøpte seg is. Denne laurdagen var det opphaldsvêr og delvis sol.

Etterpå køyrde me til Bjørke og vart tatt imot på Bakketunet av Marita Bett Aakre. Vi sessa oss ute og vart servert kaffi og sveler samt mat som Viken hadde med.

Marita rigga til høgtalar og fortalde om garden Aakre og alle bygningane som var der. Ho avslutta med å fortelje om Bjønnajakt på Bjørke og synte jamvel fram to skallar av bjørnane.

Me kosa oss i det varme vêret og etter opphaldet reiste alle heim til sitt.

Viken i samarbeid med Ørsta Kommune heimebasert omsorg organiserte turen. Til transport deltok 9 privatbilar og ein minibuss. Denne gangen var det med totalt 47 personar.

Ørsta Røde Kors Omsorg ynskjer alle turdeltakarane ein god sommar og på gjensyn til hausten.