Eksplosiv aktivitet i nyhallen

– At sportar som basket, innebandy, bordtennis og badminton har fått sin renessanse, er eg ikkje i tvil om

– Heilt sidan dåpsdagen 27. januar har det vore enorm aktivitet ifrå tidleg til seint i Ørsta-hallen, akkurat slik vi såg føre oss. Ein stor suksess!

Ørstahallen: Rebecca Riise Bjerknes er dagleg leiar i Ørstahallen.  Foto: Bendik Mork Folkestad

reportasje

Slik let det frå dagleg leiar og Ørstahall-mor, Rebecca Riise Bjerknes (36). Ho har hatt hendene fulle sidan januar i år, då Ørsta endeleg fekk sin nye etterlengta fleirbrukshall. I hallen har det vore fullt køyr ifrå fuglane kvitrar til kyrne legg seg, noko Riise Bjerknes gledeleg kan konstatere: