Ideen om eit hundehotell vart planta for ti år sidan – no vert draumen ein realitet for Ida

Det er over tretti år sidan det har vore dyrehald i fjøsen på Simagarden på Sæbø. I slutten av mai er Mats Riise og Ida Maria Buzon Ose klare for å ta imot firbeinte gjestar til sitt hundehotell.

Ida Maria Buzon Ose og Mats Riise er snart klare til å ta imot besøk på Simagarden hundehotell. I slutten av mai er det opning.  Foto: Joachim Åsebø

reportasje

Førebels er det hunden Rita som har Simagarden som sin boltreplass, men hunden til sambuarparet på Rise vil snart måtte bu seg på at det er andre firbeinte som finn vegen til Sæbø. Kufjøsen på Simagarden har gått gjennom ei grundig ombygging både innan- og utandørs. Hovudetasjen på 130 kvadratmeter rommar sytten private rom som snart er klare for gjestar. Med varmekablar i golvet og aircondition installert skal dei besøkande få eit inneklima som dei trivst i. I kjellaren er det eit innandørs leikerom på 125 kvadratmeter og utandørs vert det laga to store luftegardar. Hundehotellet får eit eige behandlingsrom der gjestene kan få vask, klipp og stell. Til hausten vert desse og etter kvart fleire tenester tilgjengelige også for dei som ikkje bur på hotellet.