Små ting kan gi stor krim

I påska, høgtida til krimbøkene, melder det årlege påskemysteriet seg: Korleis i all verda oppstår ideane til dei spennande historiene?

VIRKELIGHETEN: Ingar Johnsrud dekket Knutby-saken som journalist, en erfaring han benyttet seg av i arbeidet med debutboken.   Foto: Björn Larsson Ask / SvD / NTB scanpix / SvD

reportasje

Den gode krimforteljinga har gjerne mange sidespor og stigande spenning. Ei rekke ulike element skal fengje og forvirre lesaren. Plottet kan vere imponerande komplekst, hendingane kraftige, oppklaringa overraskande.

Kvar får forfattarane ideane frå? Vi har spurt fire av dei – Tom Egeland, Unni Lindell, Ruth Lillegraven og Ingar Johnsrud. Ei høgst kvardagsleg hending kan vere meir enn nok til å setje i gang ei forteljing på fleire hundre sider full av spenning, viser det seg.

– Eg bur langs 19-linja til trikken. Ein gong såg eg ein ung mann komme på med ein bag. Så tenkte eg: Kva om det er våpen i bagen? Eller ei bombe? Kva om han har vonde hensikter? seier Tom Egeland.

TRIKKETUR: En tur med 19-trikken ga inspirasjon til Tom Egelands siste bok.   Foto: Kjetil Skårdal Andersen

I desse dagane kjem den nyaste spenningsromanen hans, «Falken,» ut. Her kan vi lese om ein trikk som blir kapra og køyrer rundt i Oslo med politiet etter seg ein varm sommarkveld.

– Alle kan komme på ein slik idé, men det som gjer deg til forfattar, er tolmod. Det at du set deg ned og skriv ut ei heil historie.

Jesus, Moses og Satan

Egeland har mellom anna skrive åtte krimbøker med arkeologen Bjørn Beltø i hovudrolla. Bøkene er omsette til meir enn 20 språk.

– I Beltø-bøkene har eg ofte hatt ein stor, overbyggjande idé. Det kan vere om Jesus, Moses eller Satan.

Plottet i debutromanen «Stien mot fortiden,» som kom i 1988, vart utløyst av tanken på ein Saab 99 som køyrde av vegen ein avsidesliggande stad i Telemark. Den gongen var det altså ikkje eit verkeleg synsinntrykk, men eit fantasibilde, som sette forteljinga i sving.

– Saaben berre dukka opp i hovudet mitt, og så spann eg vidare frå denne tanken, fortel Egeland.

Vage idear

– Dikt kjem intuitivt, det gjer ikkje krimromanar, meiner Ruth Lillegraven. Ho debuterte i 2005 med diktsamlinga «Store stygge dikt,» og har sidan den gongen skrive romanar for vaksne, barnebøker, drama og fleire diktsamlingar.

I GANG: Ruth Lillegraven ga ut sin første krimbok i fjor, nå er hun i gang med nummer to.   Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Hausten 2018 kom den første krimboka hennar, «Alt er mitt».

– Eg har hatt ein slags «pikedrøm» sidan debuten i 2005 om at eg ein dag skulle skrive ein krimroman, men det tok mange år før eg var klar.

Lillegraven fortel at ho hadde nokre vage idear før ho sette i gang: Hovudpersonen skulle ikkje vere ein etterforskar, og eit samliv skulle stå sentralt i handlinga.

– I utgangspunktet tenkte eg at skrivevegen blir til medan ein går.

Det medførte ein del av det ho kallar «bomskriving» undervegs. Når ho no er i gang med ein oppfølgjar, har ho ein overordna plan for handlinga.

Under arbeidet med «Alt er mitt» las Lillegraven mellom anna ein del «true crime».

– Eg hadde veldig nytte av bøkene om Birgitte Tengs-saka og attentatet mot William Nygaard. Her plukka eg òg opp inspirasjon, som hårsporet frå Tengs-etterforskinga og ammunisjonen i Nygaard-saka.

Lillegraven vurderer skriveprosessen som eit gruppearbeid, der særleg redaktørar speler ei viktig rolle undervegs. Og ho jobbar mykje med karakterbygging.

– Medan plottet kan planleggast, må karakterane skrivast fram for å bli levande. Eg vil skape truverdige og samansette figurar, seier Lillegraven.

Aha-opplevinga

Ingar Johnsrud sat med eit glas raudvin i handa ved eit svømmebasseng på Korsika i 2011. Resten av familien var gått til sengs, og plutseleg fekk han eit slags «no eller aldri»-augneblink. Medan han sat der i fred og ro, byrja hans første krimroman å ta form.

TRILOGI: Ingar Johnsrud har skrevet tre bøker om politietterforskeren Fredrik Beier. FOTO: Terje Pedersen / NTB scanpix /   Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Eg hadde hatt eit ønske om å skrive ein krimroman, og plutseleg gjekk det opp for meg at det faktisk ikkje var så komplisert. Nokon blir drepen, og så skal ein finne ut kven som har gjort det, og kvifor.

Hans eiga interesse for historie generelt, og for andre verdskrigen spesielt, skulle bli ein del av rammeverket for debutsuksessen «Wienerbrorskapet», som kom i 2015.

– Dessutan ville eg skrive politikrim, og i tillegg er eg glad i konspirasjonsteoriar, så dette er òg til stades som element i bøkene mine, fortel han.

«Wienerbrorskapet» dreier seg mellom anna om ei sekt kalla «Guds lys», inspirert av Johnsruds erfaringar då han som journalist dekte Knutby-saka for VG.

– Møtet med Knutby-sekta var sterkt. Dei involverte var vanlege folk som drog vitsar og var hyggelege, men som levde i ei parallell verd.

Med desse ingrediensane hadde Johnsrud det han kallar reisverket på plass. Sjølve skrivinga skildrar han som ein byggjeprosess.

Johnsrud var ikkje ferdig med politietterforskaren Fredrik Beier etter «Wienerbrorskapet». Den tredje boka om Beier, «Korset», kom i fjor er og er selt til 20 land.

Den irriterande isbilen

– Ideane til krimmane mine slår stort sett ned i meg på grunn av ein liten kvardagsting, seier Unni Lindell. Ho har skrive mange bøker sidan debuten i 1986. Mest kjent er krimserien med Cato Isaksen i hovudrolla, som tel ti bøker. Ein av desse er «Honningfellen», der ideen stammar frå «ein irriterande isbil».

SMÅ TING: En irriterende isbil er alt som skal til for å få Unni Lindells kriminelle fantasi i gang.   Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Han køyrde rundt kvar måndag og plinga og plonga i det uendelege. Ein dag eg stod på kjøkkenet, slo det ned i meg: Det er barn som kjøper is. Ofte åleine. I isbilen er det kaldt, og isbilsjåførar er kanskje ikkje alltid til å stole på.

Lindell fortel at det berre gjekk nokre minutt før historia hadde tatt form.

I fjorårets Lindell-krim, «Dronen», var det òg noko kvardagsleg som sette det heile i gang.

– Mannen min stod og sende dronen sin utover eit skogområde ved hytta ein sein sommarkveld. Han filma. Eg såg på iPad-skjermen hans: tett granskog, eit vatn og ein open plass. Plutseleg «såg» eg eit telt på den opne plassen.

DRONE: Et bilde fra et dronekamera trigget Unni Lindell til å skrive en hel bok.   Foto: Shutterstock / NTB scanpix

Pling vaken

Fantasien til Lindell mante fram ei einsleg kvinne på veg ut av teltet.

– Og eg tenkte: Damer må ikkje sove åleine i telt, ikkje i mørke skogar! Så måtte eg finne ein åstad.

På research-turar i osloområdet kom ho over den nedlagde Skar militærleir. Ein stad som passa perfekt.

– Eg hadde aldri høyrt om leiren før. Men no låg han liksom berre der og venta på drap. I boka står dronemannen der og sender ut dronen sin. Boka opnar med scena med kvinna i teltet.

Ifølgje Lindell krev ei krimbok mykje research og planlegging, samtidig som ein del av handlinga òg blir til undervegs. Ho meiner at undermedvitet jamleg drar fram det eine trumfkortet etter det andre.

– Ofte om natta, medan eg søv. Plutseleg kan eg vere pling vaken. Sette meg opp i senga og ha løyst ein floke. Då er det berre å stå opp og skrive.