Om langfredagsfisken

- Du kan seie kva du vil om fredagstacoen, men nokon god kristen tradisjon er han ikkje

Langfredag er tradisjonelt ein dag med fisk på bordet. Korleis vart det sånn?

KARPE: Påskens tradisjonelle fisk i Øst-Europa er karpen, som lever i ferskvann. Her er den anrettet med babyspinat og urter på et moderne påskebord.   Foto: FOTO: Meliukh, Irina / RM

reportasje

Du kan seie kva du vil om fredagstacoen, men nokon god kristen tradisjon er han ikkje. Langfredag har det historisk sett vore fisk som gjeld, som fredagar flest for ein del kristne – og i særleg grad for katolikkane.

– Det er jo som ei faste. Ein avstår frå freistingar som å ete kjøtt for å konsentrere seg om frelsa, seier katolikk og professor emeritus Bernt Oftestad.

Han er ein av dei som held seg til fisk.

TORSK: Da folk hadde mindre, var kjøtt det flotteste - og fisk ble regnet som en erstatning. Langfredag skulle man ikke flotte seg. FOTO: Shutterstock /   Foto: Shutterstock

 

– Kristus gjekk i ørkenen i 40 dagar. Han fasta og kjempa mot djevelen og freistingar, og det er det vi sjølv gjer under fasta og når vi avstår frå kjøtt. Vi vender merksemda ein annan stad, ikkje minst mot menneska vi har rundt oss. Og for katolikkar er det viktig at det skjer gjennom handling; det at ein faktisk gjer noko, seier Oftestad.

Helga som fastetid

Opphavleg lét ein kjøttet liggje gjennom heile fastetida. Ho starta med oskeonsdag (i år 6. mars) og slutta med langfredag (i år 20. april).

– Tradisjonelt sett har ein erstatta kjøtt med fisk i alle fall oskeonsdag og langfredag, og òg alle dei andre fredagane i fasteperioden, seier Kåre Hosar, konservator på Maihaugen museum i Lillehammer.

I påskeveka vart ein endå meir bevisst, fortel Bernt Oftestad.

– Menyen langfredag er kjøttfri for å minnast Kristus som døydde på korset, medan søndagen har eit festmåltid for å minnast dagen han stod opp frå dei døde.

Mange kristne har det same måltidsløpet kvar helg året gjennom: fisk på fredag, kjøtt på søndag.

Grønt alternativ?

Droppar ein kjøtt i dag, kjem vegetarmaten raskt opp som eit alternativ. Sånn tenkte ein ikkje før i tida, fortel Kåre Hosar.

– Ein tok dei råvarene ein hadde tilgang til, og ein hadde ikkje så mykje grønt som kunne erstatte kjøttet. Når ein skulle avstå frå kjøtt på julaftan, dagen før juledagen, kunne ein rett nok servere graut i tillegg til fisken. Men frå påsken kjenner eg ikkje til nokon slik tradisjon. Då vart det fisk.

Julaftan, som var dagen før dagen før i tida, hadde ein meny som kunne minne om langfredag: Ein skulle ikkje ete kjøtt, og ingen ting skulle vere overdådig.

– Hovudprinsippet var at det skulle vere enkelt. Her i landet brukte ein lutefisk, klippfisk og tørrfisk som kunne lagrast over tid. I Aust-Europa åt ein gjerne karpe, som fanst heile året i sjøane.

Bacalao og skaldyrbuffé

Langfredag står bacalaoen på bordet hos mange katolske familiar. Det skal paven ha litt av takka for. På 1500-talet vart det nemleg innført fleire nye fastedagar, og katolikkane sør i Europa trong meir fisk å erstatte kjøttet med. Klippfiskeksporten frå Noreg skaut fart, og fisken hamna i gryterettar som liknar den bacalaoen vi et i dag.

Trass bakgrunnen som ei meir nøysam erstatning for kjøtt, er fleire av fiske- og sjømatrettene vi et i påsken i dag av det meir luksuriøse slaget. Og på høgfjellshotella ventar ein ikkje lenger på Kristi oppstode før korkane sprett i taket og skaldyrbuffeen står klar. Fleire stader skjer det nettopp langfredag.

Kjøttfri fredag?

Året rundt er det mange som ønsker seg ein kjøttfri måndag for å bidra til å minske klimautsleppa knytt til kjøttproduksjon. Men måndagen er kanskje betre eigna til å bruke opp kjøttrestar frå helga? Undersøkingar av middagsvanane våre viser i alle fall at kjøttmåltid ofte blir ete laurdag og søndag, medan fiskemåltida hamnar på dagane midt i veka – tysdag, onsdag og torsdag. Men kanskje er det fredagen, med bakgrunnen som ein dag med faste og måtehald, som eignar seg best som kjøttfri?

Uavhengig av diskusjonen om grøne trendar, synest ikkje katolikk og professor emeritus Bernt Oftestad vi skal sjå på fråværet av kjøtt på fredagar som noko negativt og trist.

– Vi skal ikkje rekne det som eit nei til livet i denne verda. Det er eit ja til frelsa! seier han.

Fisk som kristent symbol

Fisken har til alle tider vorte brukt av kristne som eit symbol på felles tru og tilknyting. Særleg viktig var fiskesymbolet i det tidlegaste året til kristendommen, då tilhengarane vart forfølgde og måtte vere forsiktige med å røpe seg. Gjennom fisken kunne dei kjenne igjen andre kristne.

VELLYKKET FISKETUR: Fisken var et sterkt symbol for de første kristne. Det er mange henvisninger til både fisk og fiske i Det nye testamentet, blant annet fortelles det om mirakler der Jesus hjelper disiplene å fange fisk etter at de lenge har fisket lenge forgjeves. (ILL: Gustave Dore, 1800-tallet)   Foto: www.album-online.com

 

Fredagsfavorittar heile året

1. Pizza

2. Taco

3. Reker

Kjelde: Rapporten «Middagsdagboken 2017» middagsvanane til nordmenn, frå Ipsos