Kantor Riise:

– Å spele for andre gir meg rikdom i livet

Marie Austrheim Riise (36 år) er kantor i Ørsta kyrkjelege fellesråd. Ho har ansvaret for musikken i tre av dei fire kyrkjene i Ørsta, og ho er organist, kor- dirigent og komponist.

Barnekor: Hjørundfjord barnekor syng for bebuarane på Hjørundfjordheimen. – Å vere kantor er eit innhaldsrikt og kreativt yrke. Dirigentjobben for Hjørundfjord barnekor og Ørsta kyrkjekor, er ein triveleg del av yrket, og korsongen gir gudstenestene eit lyft, seier Marie Austrheim Riise. Foto: Ingebjørg Røyrhus Øyehaug  Foto: Ingebjørg Røyrhus Øyehaug

reportasje

Når andre har fri i høgtider som jul og påske, er Marie på jobb i kyrkja. Organistjobben i kyrkjene på Sæbø, Vartdal og i Ørsta deler ho med Ketil Grøtting. På Bjørke er Jon Inge Bjøringsøy organist.