Trygve var livsnerven i turnmiljøet

– I starten kom musikken til treningane via piano

Trygve Ørstavik (77) har ikkje tal på kor mange timar han har brukt i turnmiljøet. No gler han seg over ny aktivitet i Ørsta.

Oppvisning: Trygve Ørstavik kan sjå tilbake på ein mannsalder innan turnmiljøet. No gler han seg over ny turnaktivitet i Ørsta. Her saman med Ørsta sin oppvisningstropp på trampoline i 1984. Hilde Ørstavik, dottera til Trygve, var trenar for dette partiet. Frå venstre: Monica Rand, Kristine Rebbestad, Signe Furseth, Ingvild aasen, Mette Ryste, Susanne Ludvigsen, Laila Flø, Kristin Flem, Ingeborg Rebbestad, Hege Welle og Libeth Hovden. Bak står Hilde Ørstavik, Olav Røv og Trygve Ørstavik. 

reportasje

Som 12-åring i 1954 opna døra seg inn i turnmiljøet for Trygve Ørstavik. På den tida var hovudaktivitetane turn- og alpin i Ørsta IL. Tilhaldsstaden for turnarane var den gamle folkehøgskulen i Ørsta.