Håper på arvtakar til stjerneteltet

Stjernelyst med Torbjørn i 27 år

Torbjørn Urke (77) har truleg hatt like mange menneske innom stjerneteltet sitt, som der er stjerner på himmelen.

Klare for stjerneteltet: Frå venstre: Dennis Tømmerbakk Nicolaisen, Bjørn Odin Follestad Halseth, styrar i Liadal barnehage, Lisbeth T. Myklebust, Theodor Hansen Fredheim, Karl Robin Vinjevoll Johansen, Maja Svanøy Yndestad, Emil Johannes Stranden, William August Stranden, Eir Liaskar, Eivind Aag Liadal, Torbjørn Urke og Bjarne Håvoll Thunem. Personalet bak: Caroline T. Rekkedal og Malen Renate Sætre.  Foto: Janne-Marit Myklebust

reportasje

Det er rett og slett ikkje mogleg å telje. Akkurat som stjernene. Det var slik sjølve fasinasjonen byrja for Urke. Då han som ung gut på Urke leikte gøyme og leite med vener.