Michael Larsen «Chinese Star»- ein tv-kjendis i Kina

Tidlegare elev ved Møre Folkehøgskule, Michael Larsen (26år) studerer kinesisk i Kina. Sist vår var han med i tv-konkurransen «Chinese Star» i Beijing saman med meir enn 1700 utanlandsstudentar frå 44 universitet i byen. Michael tok andre-plassen i konkurransen og var med eitt tv- kjendis.

I Huanglong i Sichuan-provinsen i Kina: Staden ligg cirka 2000 meter over havet, og er kjend for dei fargesterke innsjøane - eit resultat av kalkspatavleiringar. Foto: Privat 

reportasje

Det var myndigheitene i Beijing og tv-selskapet Beijing TV som arrangerte konkurransen. Eg kom til finalen saman med 20 andre. Der fekk eg to oppgåver, den første var å gjette på kinesiske ordtak, den andre var å dramatisere ein kinesisk helt, ein general, som levde for om lag 2000 år sidan. Monologen var på gammal-kinesisk. Det eg hadde hatt av det språket, heldt ikkje, så eg måtte pugge monologen utanåt, mest utan å forstå kva eg sa, fortel Michael.