Livsglede for eldre

Villkatten: Her det speling av Villkatten med både barnehagebarn, elevar frå Ørsta vidaregåande skule og bebuarar på Ørstaheimen. Foto: privat  Foto: Farkvammen barnehage

reportasje

Hausten-17 starta vi i Farkvamen barnehage eit prosjekt saman med Ørsta Vidaregåande skule der vi knytte oss til folkehelse organisasjonen Livsglede for eldre. Livsglede for eldre arbeider for å skape naturlege møteplassar mellom ulike generasjonar. Organisasjonen vart skipa alt i 2005 i Kristiansand, og i 2012 vart den nasjonal. Den har aktivitet i alle fylka i Noreg, og her i Ørsta er Farkvamen barnehage og Ørsta Vidaregåande skule med på prosjektet. På Ørstaheimen ville fire avdelingar vere med på prosjektet.

Kvar avdeling får besøk ein fredag i månaden. Avdelingane vi besøker er ulike og vi har brukt tid på bli kjent og finne ut kva aktivitetar som kan vere kjekke for dei ulike avdelingane.Vi har gjort aktivitetar som: bake, pusle, teikne, male, spele spel og hatt samlingsstund der vi syng kjente barnesongar som både dei eldre, ungdomane og barna kan.

Skodespel: Underhaldning gjennom ulike aktivitetar står på programmet når det er samlingsstund på Ørstaheimen. Foto: Privat  Foto: Farkvammen barnehage

Fredag er det valdag for dei eldste i Farkvamen barnehage. Der er mange kjekke aktivitetar å velje mellom som matlaging, tur med buss, forming osv. Annankvar veke er besøk til Ørstaheimen eit val barna kan velje. Dette er eit populært val for barna, og barna er bevisste på det valet dei vel å bli med på. Dei likar å treffe ungdomane frå Ørsta vidaregåande skule som er med på prosjektet, og det er spennande og kjekt å treffe dei eldre. Å sjå gleda og engasjementet i ansikta til alle generasjonane når vi gjer aktivitetar saman gir oss grunn til å tru dette er meiningsfylt for alle. Frå organisasjonen har vi fått gule t-skjorter som vi tek på oss før vi går på besøk og trillekoffert der vi tek med det vi treng av utstyr til dagens aktivitet. Barna som går på besøk til Ørstaheimen blir fordelt mellom dei to avdelingar. Dei har med seg ein vaksen ifrå barnehagen, nokre av ungdomane og lærar ifrå Ørsta Vidaregåande skule. Besøket på Ørstaheimen varer om lag ein time. Etter besøket på Ørstaheimen blir elevane med oss tilbake for å ete lunsj saman med oss og leike.

Barnehagen har lang tradisjon for å gå på besøk til Ørstaheimen. Vi er to institusjonar som ligg geografisk nær kvarandre. Kvart år går vi i luciatog og syng på dei ulike avdelingane på Ørstaheimen. Før 17. mai øver vi oss på å gå i tog bort dit. Der syng vi for dei eldre.

Det er enkelt å ta ein telefon og spørje om å få komme på besøk om det så er eit meir spontant besøk med ei lita gruppe av barna, eller det er ein tradisjon som vi gjer kvart år.

Å gå til sansehagen til Ørstaheimen er supert for dei minste i barnehagen. Der får barna leike ute, og i paviljongen kan vi ete lunsjen vår utan å bli våte dersom det skulle regne. Stundom går ei dør opp på ei av avdelingane på Ørstaheimen og vi blir invitert inn. Kanskje syng vi ein song saman eller berre går innom for å seie hei til dei eldre.

Samarbeidet med Ørstaheimen er gull verdt for oss og vi ser at møta mellom generasjonar er meiningsfulle. For vår del er det viktig at barna kan vise omtanke for dei eldre, spreie glede i kvardagen deira og ikkje minst oppleve glede ved å vere saman med dei i samtale og i aktivitetar.