Frå silo til luksusvegg

– Det er som å gå frå ei verd til ei anna. Klatre- siloen i Volda har gjort si teneste. No gler vi oss til å ta i bruk Ørsta-hallen.

Eit lite gløs: Ein tur innom for å sjå på den nye klatreveggen som opnar saman med resten av nye Ørstahallen. 15 meter rett til vers, og med fleire ulike soner for klatring. Gjengen i klatreklubben kan nesten ikkje vente. F.v. Sindre Dimmen, Fred Somby, Øystein Dahl og Stig Petter Driveklepp.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Det vert berre så utruleg bra. Vi har tru på at klubben vil blomstre skikkeleg når vi kjem på plass i Ørsta

Øystein Dahl
reportasje

Øystein Dahl, Stig Petter Driveklepp og Trygve Hamre frå Sunnmørsk klatreklubb tek nokre siste klatretak i klatresiloen i Volda. Sidan 1995 har siloen, som ligg strategisk plassert midt mellom Høgskulen i Volda og Øyra skule, fungert som klatrehall for dei klatreglade.

– No er ein æra slutt, og ein ny startar, seier Dahl, som er nestleiar i klatreklubben.