– Vi må bli meir synlege

– Vi må bli meir synlege i heile landet, også i Oslo og Bergen, der dei fleste nynorskbrukarane bur, seier den nybakte direktøren i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark (28).

Klar for nye oppgåver: Den 1. november tok Per Magnus Sandsmark fatt i den nye jobben som direktør i Nynorsk kultursentrum. Foto: Hallvard Østrem / NPK  Foto: Hallvard Østrem

reportasje

Torsdag 1. november tok Sandsmark over direktørstolen i Nynorsk kultursentrum etter Ottar Grepstad, som blir pensjonist etter 19 forrykande år i Aasen-tunet i Ørsta. Men den nye direktøren lèt seg ikkje affisere av at han hoppar etter ein «Wirkola».