Småjobbsentralen: Smått gjer godt

Dekkskiftsesongen er her, og snart er det tid for snømåking. Begge deler typiske oppdrag for Småjobbsentralen.

Nye lokale: Knut Arne Nygaard ( fremst.) og Jon-Kåre-André Aasen Hoggen i arbeid med å kle bord på brakka som skal bli nytt kontor for Småjobbsentralen. Bak til venstre: Christoffer Raisanen. – No skal me berre stå på og verte ferdige med dei nye lokala våre. Det vert kjempfint å flytte inn her, seier Knut Arne Nygaard.  Foto: Ingebjørg Røyrhus Øyehaug

reportasje

Småjobbsentralen tek på seg mindre arbeidsoppgåver av kortare varigheit for folk i Ørsta kommune. Sentralen held til i Viketunet og er driven av Ørsta kommune som eit lågterskel arbeids- og aktivitetstilbod til personar som av ulike grunnar fell utanfor det tilbodet som til dømes NAV kan tilby.