Bjørdalen var vertsskap for fylkesmeisterskapen i gjetarhund:

– Gamlegutane var best sjølv om vi snart er hundre år

– Eg har fleire vandrepokalar frå fylkesmeisterskapen i heimen og vonar at yngre krefter snart skal utkonkurrere oss veteranane, men dei eldste var best også denne gongen.

Beste unghund: Fern og Atle Arnesen i aksjon under distriktsprøva søndag. Fern vart kåra til beste unghund i fylkesmeisterskapen, og Arnesen vart fylkesmeister med Mirk.  Foto: Joachim Åsebø

reportasje

Det sa nybakt fylkesmeister i gjetarhund, Atle Arnesen, som fekk alle tre hundane sine Dagrunn, Fern og Mirk til finalen laurdag. Det var Mirk som gjekk i ekvipasjen som gjekk heilt til topps i konkurransen, medan Fern vart kåra til den beste unghunden. Dermed vart det full klaff for den røynde gjetaren ifrå Syvde i Vanylven.