Ukjend møbelhistorie frå Vartdal

Kombinasjonen Vartdal Plast og designmøblar er ikkje ei naturleg kopling for dei fleste. På 60- og 70-talet var det annleis, og møblane er å finne i moderne Ørsta-heimar i dag.

Vartdal-stolar: Vartdal Plast produserte stolskal både til Brunstad og Stokke på 60- og 70-talet.  Foto: Joachim Åsebø

Eg har fått minst femti spørsmål om stolane

Olav Sindre Kriken
reportasje

Medan Planet-stolen frå Møre Lenestolfabrikk har blitt eit ikon innan møbeldesign i Noreg, er det færre som har inngåande kjennskap til stolen Festus frå Brunstad i Sykkylven. Svingstolen vart lansert på 60-talet, og vart ein populær stol både på Sunnmøre og i landet generelt. Det ikkje så mange kanskje er klar over er at nesten heile stolen er laga av bedrifter lokalisert i Ørsta, og ei av bedriftene vil ikkje mange assosiere med møbelproduksjon. Med Thor Strand Metallvare i Ørsta laga beina til stolane og Vartdal Plast produserte stolskala.

– Mellom andre Brunstad og Stokke kjøpte skala frå Vartdal Plast. Dei trekte opp stolane og selde dei, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal i Vartdal Plast.