– Å drive butikk i Vikegata i Ørsta er ikkje for pingler

– Å drive butikk i Vikegata i Ørsta er ikkje for pingler. Men eg likar å ha ei offensiv tilnærming. Difor satsar eg no fullt og heilt på denne butikken, og desse lokala.

Nyoppussa: Sissel Andenes (t.h.) saman med medarbeidarane Emilie Molnes og Lena Presthus i butikken til Sissel design. – Eg er overtydd om at det er mogleg å satse i Vikegata, seier Andenes.  Foto: Rune Sæbønes

reportasje

Det seier Sissel Andenes, som i 23 år har drive butikkverksemd i Ørsta. Ho har nyleg pussa opp lokala til Sissel design i Ørsta Torg, og insisterer på at tilhøyrigheita til Vikegata er framtidsretta.

– Det er klart at vi merkar konkurransen frå netthandel og kjededrivne verksemder. Men eg vel å vere offensiv, og tru vidare på at det er mogleg å satse på lokale, sjølvstendige verksemder med lokalt eigarskap, seier Andenes.