Det seier Matias Myklebust som saman med Hallstein D. Mala driv produksjonsselskapet Ranglefant i Volda. Interessa for ski, fjell og natur, saman med utdanning innan mediefag, gjorde at Oslo-guten Myklebust fann vegen til Volda. Der vart han raskt ein del av ein større gjeng som delte dei same interessene. Det resulterte også i skifilmen Vår beste dag. Den ti minutt lange filmen gjekk til topps i konkurransen under Fri Flyt sin Filmtour og vart vist over heile landet.

– Det var utruleg kjekt å få tilbakemeldingar på «heimebane» då vi viste filmen i Volda. Då freista det å lage ein film til

.

Skifilm: Etter å ha laga Vår beste dag var Matias Myklebust klar på at dei ikkje skulle lage fleire skifilmar, men no er det snart premiere på Millom bakkar og berg.

Milliom bakkar og berg

6. september er det førpremiere på Milliom bakkar og berg i Volda, og 13. september er det premiere i Oslo. I filmen får publikum møte Petter Westgaard som er student og prøver å skape eit levebrød av si fjell- og skiinteresse. Filmskaparane har og følgt Karsten Gefle som er profesjonell skikøyrar, og Leif Hoggen som har vore aktiv på ski og i fjellet gjennom heile sitt liv.

– Vi hadde ein større tanke med denne filmen og vi ønsker å vise fleire generasjonar si tilnærming til fjella og Sunnmøre. Målet vårt var å lage noko som engasjerer alle målgrupper og folk i alle aldrar. Det som har vore morosamt å sjå under testvisingane er at Leif på 90 år engasjerer 20-åringane mest.

Sunnmørsalpane er lokasjon gjennom heile filmen.

– Vi har hatt som mål at nærast uansett kor vi var så skulle ikkje Hjørundfjorden vere langt vekk. Fjorden er den blå livsnerven inn i Sunnmørsalpane.

Bak kamera: Matias Myklebust har lang erfaring bak kameraet og har fått oppleve mykje gjennom kameralinsa.

Dugnadsprosjekt

Millom bakkar og berg har blitt til medan Myklebust og Mala arbeider for fullt med andre prosjekt. Målet var at filmen skulle vere ferdig i fjor haust, men dei innsåg at det måtte meir filming til å gjere sluttproduktet komplett. Denne veka vart filmen klippa heilt ferdig, og det står berre att nokre små detaljar før dei er klare for førpremiere.

– Når vi har hatt ledig tid har vi jobba med filmen, og det har vore eit skikkeleg dugnadsprosjekt.

Skikøyrar: Karsten Gefle har vore profesjonell skikøyrar i mange år og med i den nye skifilmen frå Ranglefant.

Filmskaparar i Volda

Både Mala og Myklebust har funne seg godt til rette i Volda og trivst. Ranglefant er inne sitt tredje leveår og dagleg vert det arbeida med å bygge produksjonsselskapet opp.

– Vi prøvar å få det til å gå rundt, og det har gått bra til no. Vi bygde opp selskapet medan vi var studentar slik at vi kunne gå rett inn i det då vi var ferdige. Dermed har vi klart å bygge oss opp eit bra nettverk av kundar og har allereie mykje å vise til.

– Vil de vere i Volda også i tida framover?

– Eg tek eitt år av gangen, men eg føler at eg har alt eg treng rundt meg med fjell, vennskap og ein flyplass som tek meg dit eg skal, seier Myklebust.

Nærleiken til fjella gjer at det er kort veg til både hobby og arbeidsplass. Myklebust hadde over hundre skidagar i fjor og brukar mykje tid i fjellet sjølv.

– Det som er kjekt med denne jobben er at gjennom kamera får oppleve så mykje forskjellig. Ein dag er eg i eit fjellmiljø og neste dag er eg på eit kontor i Oslo for å lage reklamefilm eller filmar Heimebane på ei fotballbane i Ulsteinvik. Du møter mange ulike menneske med ulike tankar og meiningar. Det er spennande.

No ser filmskaparane fram mot førpremieren i Volda om nokre veker.

– Det blir spennande å sjå mottakinga av filmen og kva publikum synest. Vi vonar at mange vil ta turen til Rokken.

På veg til filming: Hallstein D. Mala (bilete) saman med Matias Myklebust driv Ranglefant i Volda.