Trine er bonde og gartnar i Ørsta andelsgard SA på Fyldalen i Follestaddalen. Ho er utdanna agronom i økologisk landbruk, og ho har også fagbrev i konditorfaget. Då kaffibaren Fugl Føniks heldt til på Lystadhjørnet, arbeidde ho ein periode der. Føniks-kundar hugsar godt dei gode kakene ho laga: gulrotkaka, ostekaka og sjokolademoussekaka.

– Eg har alltid vore interessert i smakar og å lage mat, og eg har hatt stor interesse for råvarene i matlaginga; studere dei, vurdere dei og smake meg fram til korleis råstoffkvalitetane er med på å skape smaken og konsistensen. Eg vil ha kontrollen på råvarene, velje dei utifrå mine kvalitetskriterium. Gjerne dyrke råvarene sjølv.

Det å dyrke; arbeide med jorda og det som skal vekse opp frå ho, er viktig for Trine. Og å bruke økologiske råvarer i matlaginga vart fort eit ufråvikeleg krav for henne. Ho las seg fram til korleis dyrke økologisk, men følte etterkvart trong for å lære det grundig, og ho vart elev på Sogn jord -og hagebruksskule i Aurland.

– Der møtte eg ei klasse med elevar i alle aldrar, med same interessa for økologisk hage -og landbruk som meg. Lærarane var kunnskapsrike og entusiastiske, og dei hadde auge for kvar enkelt elev. Dette vart to inspirerande år som verkeleg forandra livet mitt.

Samtidig som ho var elev på landbruksskulen, tok ho også utdanning som yoga-instruktør.

– Yoga, jord og økologi passar godt i hop. Det handlar om å jorde seg, seier Trine.

Sommaren etter landbruksskulen vart Yrja fødd, og etter kvart flytta dei to heim til Fyldalen i Follestaddalen.

– Som mor var det viktig for meg å kome heim til røtene mine, og eg var så heldig at foreldra mine overlet barndomsheimen min til oss. Eg hadde sett ein del av verda då eg arbeidde eit halvt år på New Zealand og eitt år i Australia. No var eg klar for å slå rot.

– Heime gjekk eg fort i gang med åkerbruk. Det var spanande å sjå kva som kunne vekse her, og eg laga mange små åkrar der eg planta og sådde alt mogleg. Dette gav meg god trening i å tole at ikkje alt blir perfekt.

– Eg ville så mykje, men erfarte snart at eg måtte prioritere, og eg valde å vere heime med Yrja dei første leveåra hennar. Slik har ho fått ro til å utvikle seg i sitt eige tempo. Ho fekk vere med i åkeren og fylgje med på voksteren og stellet der. No er ho fem år, og går første året sitt i barnehagen. Ho trivast godt der også.

– Mange meiner nok at eg er litt rar, fordi eg har teke ein del utradisjonelle val. Men for meg har det vore viktig å gjere ting på min måte, i mitt tempo og i mi rekkefylgje.

I 2016 vart Ørsta andelsgard SA skipa. Som bonde på Fyldalen leiger Trine ut jord til føretaket, og som gartnar har ho det faglege ansvaret for drifta der. Initiativtakaren var Lillian Auflem Øye, som er dagleg leiar. Garden har 35 andelshavarar. Dei er enkeltpersonar, bedrifter, skular og barnehagar.

Andelsgard: Hausting av salat til sommarfest. F.v.: Ronja Øye Davidsen, Lillian Auflem Øye, Irja Øye Davidsen, Nienke van Pykeren ( bak), Trine Foldal, Michiel van Woerkom ( bak og Yrja Huber Foldal.

Andelshavarane får kome med forslag til kva sortar som skal dyrkast. Dei er med på prosessen frå frø til mat.

– Og dei kan ta ferie frå hagen, for det er alltid nokon som passar han. Og ikkje minst får dei ferske, velsmakande råvarer dyrka utan bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel.

Andershavarane kjøper ein del av gardens produksjon av bonden, og slik vert ansvar, risiko og avling delt etter avtale for eitt år om gongen.

– Eg har lyst til å leve i Follestaddalen. Leve med naturen. Oppleve veret flyte forbi. Sjå kva eg kan få til å vekse her. Mange åtvara mot hjortane. Men så var det ein som hadde eit godt råd: Lag gjerde av fiskesnøre! Hjorten likar ikkje slike, dei ser ikkje sena og torer ikkje hoppe over. Og avlinga fekk stå i fred for dei! Men då vinteren kom, braut dei seg inn og åt opp lageret av vinterkål. Det måltidet unnte eg dei. Det fortente dei!