At Ann Iren Glimsdal og Christian Luijendijk har funne sitt paradis på Romestrand i Barstadvik herskar det liten tvil om. Sambuarane hadde vore på jakt etter draumebustaden ei stund, men det var ingenting som klaffa heilt med kriteria. Søstera til Ann Iren kom over ei bustadannonse på eit hus i Barstadvik, og det fatta interessa for det aktive sambuarparet. I mai i fjor reiste dei på vising, og med ein gong var dei trygge på at dette skulle bli deira nye heim.

– Kvifor akkurat Barstadvik?

– Kvifor ikkje? Vi budde i Ålesund, men vi hadde lyst til å ha meir plass til å dyrke grønsaker og halde på med motorsykkel. Vi har kajakkar og likar å kome oss ut på fjellturar. I tillegg ville vi ha nærleik til fjordane og sjøen, seier Christian.

– Mykje som ikkje blir sett

Planane var eigentleg å kjøpe seg eit småbruk, men dei lukkast ikkje å finne noko som dei hadde sett føre seg.

– Vi hadde kika litt og hadde eigentleg ikkje vurdert Barstadvik. Tidlegare har det vore ein stad vi har køyrt raskt forbi for å rekke ferja, men vi vart overbevist frå første stund at her kan vi trivast og slå oss ned. Det er mykje som ikkje blir sett her i bygda grunna av at mange skal rekke ferja, men Barstadvik er ein plass det er verdt å stoppe opp på og bruke litt tid her, seier Ann Iren.

Etter visinga i mai vart det huskjøp for Ann Iren og Christian, og i august i fjor flytta dei inn på Romestrand. Dei hadde førebudd seg på å gjere ein jobb sjølve for å integrere seg i lokalsamfunnet og finne sin plass, men i staden vart det overvelda over mottakinga dei fekk.

– Det var overraskande. Vi har følt oss utruleg velkomne av bygda. Eg trur ikkje det er mange stadar du flyttar til der folk kjem på døra med blomar og ønsker deg velkomne. Vi hadde på ingen måte forventa denne velkomsten, men i Barstadvik var det berre å gå ned på butikken og så introduserte Erna oss for den eine etter den andre. Vi har verkeleg blitt inkludert i samfunnet.

Jobb i Ålesund

Til dagleg driv Ann Iren yogastudio og jobbar i barnehage, medan Christian er tilsett som grafisk designar i Stokke AS. Med jobb i Ålesund har ferjeturane mellom Festøy og Solavågen blitt ei rutine, men også ein sosialiseringsstad der dei har blitt kjende med sine sambygdingar.

– Vi ville ha ein solrik stad der vi kunne dyrke, vi ville vere nære fjella, nære sjøen i tillegg til jobbane våre i Ålesund var eit parameter. Vi følte at vi gjekk rundt med litt urealistiske forventningar, men vi har faktisk fått akkurat det leita etter. Vi har nydeleg utsikt til Breisundet, vi har ei tomt med gode solforhold og vi har til og med tilgang på sandstrand.

Etter kvart som dei har lært bygda å kjenne har dei lagt merke til noko som dei vonar lovar godt for framtida.

– Her er mange spreke eldre i bygda, og vi vonar at vi får ein lang, frisk og innhaldsrik alderdom ved å flytte hit, seier Ann Iren med eit smil.

Både Christian og Ann Iren likar at ting skjer og engasjert seg for å skape noko i bygda. Saman med resten av bygda arrangerer dei i helga den første yogafestivalen på Sunnmøre. I tillegg har Bygdesentralen blitt etablert med eit mål om å skape meir aktivitet i Barstadvik og få fleire til å få auga opp for bygda.

– Vi har flytta for godt og vi er her for å bli, seier Ann Iren.

– Vi har alle ting vi trenger her, og det er korte avstandar til jobb. Når eg har vore ute å reist gler eg meg til å kome heim til Barstadvik, seier Christian.

Sunnmøre yogafestival: Til helga blir det arrangert yogafestival i Barstadvik. F.v. Ingrid Tømmerbakk, Ann Iren Glimsdal, Anders Romestrand, Hogne Barstad og Christian Luijendijk. Foto: Joachim Åsebø