I heile sitt liv har Ragnhild hatt nær tilknyting til Vikemarka og Vikelva i Ørsta sentrum. Her har ho vakse opp og budd store deler av livet.

– Foreldra mine bygde hus rett ved elva ovanfor kyrkja i 1939. Då var eg ei lita jente, og som fireåring fekk eg vere med far med hest og kjerre og hente tømmer til huset. Eg hugsar godt at skogen vart teken på Vikemarka, der det no vert laga fonnvern for skulen.

Ho helsar fonnvernet velkome, og er glad for at ho kan late siste rest av gardsmarka gå til dette formålet. Nokon må gi for at andre skal få. Slik er det.

I vaksen alder har Ragnhild bygd nytt hus saman med mannen, Bjarne Øye, også det ved Vikelva, men no litt lenger oppe. I hagestova har dei utsyn over sentrum, Hovdebygda og Ørstafjorden, og vårsola varmar godt innanfor glasveggane dei har fått sett opp for å skjerme mot utrøna.

Oppvekst i krigsåra

Ragnhild hadde gode barne- og ungdomsår «nedst i geila», trass i krigen som braut ut då ho var sju-åtte år gamal.

- Vi var 3-4 born som budde i nærleiken av kvarandre, og vi leika og hadde det fritt og fint. Vi merka ikkje så mykje til krigen, sjølv om vi kunne høyre bombing nokre gonger, og vi måtte ha blendingsgardiner. Bunkersane som vart etablerte på Bjerkneset kan eg også hugse at det vart snakka om, og helgane, då tyske soldatar som var stasjonerte der ute hadde fri, kom dei inn til Ørsta og budde på hotell. Det var unge menn, nokre med store huer, og nokre med små, og vi var strengt oppdregne til å ikkje snakke med dei, eller ta imot drops eller noko anna frå dei. Vi var nok litt redde desse uniformskledde karane.

Ragnhild fortel at sjølv om det ikkje var mange organiserte aktivitetar i ungdomsåra, var dei med på det som fanst. Ikkje minst var det kjekt å vere med i ungdomslaget og i kor. Nesten ingen hadde bil, men ein gong for dag kom det rutebåt og la til ved kaia. Når han fløytte ved Møre Lenestol, hadde dei akkurat nok tid til å springe snarvegen, gjennom Dogata nedanfor Digernes, vidare ned på kaia, og ta imot båten når han la til.

Frå slåtteteigen i 1948: Ragnhild i midten, med foreldra Lisa (f.Mo) og Anders Ørstavik.

Husøkonom ved Volda sjukehus

Som vaksen jobba Ragnhild som husøkonom på sjukehuset i Volda i 35 år. Der hadde ho ansvaret for, og tilsyn med, alle bustadane, møblar, utleige, vedlikehald og alt som hadde med tekstil, personalkle og reinhald å gjere. Det var eit stort ansvar, men Ragnhild likar å organisere og ta vare på både ting og menneske. Ho lovprisar gode og dyktige medarbeidarar som gjorde at jobben vart gjort både godt og effektivt.

Postombod med hest og kjerre

Far til Ragnhild, Anders, kom frå Henrikgarden ved Vikegeila. Han og broren fekk delt garden mellom seg, og Anders bygde nytt våningshus og løde inn med elva. Garden strekte seg frå om lag der bedehuset er no, langs Vikelva og opp om Vikemarka skule. I tillegg til gardsdrifta, var Anders andre generasjon landpostbod.

Hest, kyr, sauer og høner gjorde at dei var mykje sjølvhjelpte med mat, også under krigen. Då var det påbod om å skrive opp alt som vart produsert, og det skulle leverast både ved, poteter og anna mat som tyskarane trengde, men dei fekk behalde det dei trengde til eige bruk. Hesten fekk dei også behalde, sjølv om mange gardar måtte levere dei inn. Anders brukte nemleg hest og kjerre som transportmiddel for postomberinga, i sentrum, fram Melsbygda og på Brautaset.

Gardsdrift før i tida

– Det var mykje og hardt arbeid å drive gard før i tida. Alt vart gjort med handemakt, bortsett frå det hesten kunne bidra med. Eg hugsar godt at eg kvar dag drog mjølkespanner på ei handkjerre og leverte mjølk på meieriet, fortel Ragnhild.

Alt stoff til kle og tekstilar vart vove heime.

Mor Lisa karda ulla frå sauene, spann og farga tråden slik at han kunne brukast både til strikking og veving. Alt frå borddukar, sengekle, golvtepper, handdukar, gardiner og tøy til kle til heile huslyden vart laga. Mor til Ragnhild vov også stoff til dress til Anders og kåpe til seg sjølv. Til konfirmasjonen i 1946 hadde Ragnhild heimevoven kåpe, einskjefta og lysegrå. Alle kle vart brukte til dei var tynnslitne, og mykje vart sydd om igjen.

Ragnhild kjem med eit hjartesukk;

– I dag er det ikkje mange som veit kva som er opphavet til maten vi et, eller korleis kle blir laga. Det er bruk og kast som gjeld. Sjølv om det er mykje bra med nyvinning og utvikling, trur eg fleire hadde hatt godt av å lære litt om kvar godene vi har kjem frå. Men ser vi på postomberinga, er det vel berre å innsjå at det går litt raskare med dagens teknologi enn det gjorde før.

Utstillingsplass, barnehage og Pokerhaug ovanfor kyrkja

Der kyrkjegarden i sentrum er no, var det tidlegare utstillingsplass og barnehage (Barnas vel). Dette var rett etter krigen. Dei som gjekk i barnehagen vart henta morgonane frå Vinjevoll og strendene rundt om. Det var to vaksne som gjekk med eit langt tau mellom seg, og etter kvart som dei henta borna «huka dei seg på» tauet og vart losa trygt fram til barnehagen. På utstillingsplassen var det hestesjå og marknad, med sal av krøter, mat og utstyr som vart laga rundt om på gardane. Og eit yrande folkeliv.

– Og så hugsar eg Pokerhaugen. Det var ein jordvoll dekt med granskog som låg i bytet mellom Velle og Vik, rett innom trebrua som er der i dag. Eg veit det ikkje, men det gjekk nokre rykte om at enkelte karar sat her innimellom og spelte poker. Derav namnet.

Tok avskil med Vikemarka

Ragnhild reflekterer over dette med utvikling, både gardsdrift og sentrumsutvikling. Ho hadde framsynte foreldre, som ville at ho skulle la markane gå til akkurat dette, å utvikle sentrum av Ørsta, til gode for flest mogleg alminnelege menneske. Skulle sentrum vekse, måtte markane vike.

– «Ikkje visste eg at alle desse dagane som kom og gjekk, var sjølve livet», siterer Ragnhild og fortel at ho, når ho ser attende på snart 86 år, har hatt eit rikt og godt liv.

Båtar ved kai i Ørsta: Biletet er frå 1953 då det var Ørsta-messe med stort frammøte.

– Det er viktig å følgje med i tida, vere interessert, halde seg oppdatert, innrette seg etter det som skjer, og leve medan vi lever, seier ho.

No er det ikkje att noko av gardsdrifta som Ragnhild var ein del av. Bustadhus har erstatta teigane i Henrikgarden. Lauvskogen og råsene som krøtera laga er vekk.

– Det er med både glede og vemod eg gir avkall på teigen ovanfor Vikemarka skule, som no blir laga til som fonnvern for skulen. Her tok vi tømmer til huset før krigen, her har eg gjett krøter, brent jonsokbrising, og sprunge berrføtt som lita jente saman med foreldra mine og vener frå barndomen. Det er mange gode minne knytt til denne bøen. Men det er rett at det no blir brukt til noko anna. Vi må ta vare på det som er no, og endre oss med tida seier ho.

Ragnhild har teke avskil med Vikemarkabøen. Nyttårsaftan 2017 tok ho med seg kaffi, niste og mannen Bjarne opp for siste gong. Dei hadde ei fin stund med lunsj på bøen som før i tida, og fekk ta avskil på ein god måte.

Ørstavik: Bilete frå Ørsta sentrum er teke ein gong mellom 1960-63. Ukjend Fotograf