Korleis er kvardagen din?

No koser eg meg med våren og det fine vêret. Gler meg over småfuglane som vekkjer oss kvar morgon med vårsongen sin. Elles er eg mykje oppteken av hagen og tunet der det spirer og gror. Likar å strikke og sy og skape ting.

Det går også mykje tid til å halde kontakta med den store familien vår.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Akkurat no er det grensejusteringa som står i hovudet mitt. Mitt store ønske er at dei unge som har busett seg og vil bu i bygda, får bygge framtida sjølve for seg og sine born.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Bygda her er ein god stad å bu. Her bur vi trygt og godt i den vakre naturen. Her kjenner vi alle. Vi er som ei stor familie som kan vere einige og ueinige i mange ting, men når nokon har det vondt er der alle tider nokon som bryr seg.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta ev. Volda?

Meir småbutikkar og folk i gatene.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Då vil eg skrive til departementet og be dei rette seg etter fylkesmannen og dei unge i bygda sitt ynske om å flytte til Grodås og Volda.

Kven fortener ein blomsterbukett?

Sigurd, barnebarnet vårt, fortener ein stor bukett. Han er 25 år og har overteke og driv slektsgarden her på Ner-Saure.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

Fleire unge flytter heim til Storfjorden og buset seg der.

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Dagen den 8. mai 1945, då vi fekk høyre at krigen var slutt.

Eg veit akkurat kvar eg låg på kne og vaska kjøkengolvet heime på Åkre då systera mi kom springande og ropte at no er det fred! Eg sprang til grannane i Bakketunet. Der tok han Bakke-Syver ho Marie i fanget og dansa rundt i tunet medan kyrkjeklokkene kima på Leikvollen.

Kva får deg til å le?

Eg må le kvar gong Eskild, oldebarnet vårt, kjem på besøk. Då kjem han rett inn døra set ein stol ved kjøkenskapet, klatrar opp og finn kjekspakken som han veit står der. Når eg ser det glade smilet må eg også le.

Kva er ditt favorittmåltid?

Blåskjelsuppe av sjølvplukka blåskjel med «Bestaklingre» og heimesmør til.