– Hesten ser og høyrer for meg

Karine Vassbotn Hestholm frå Ørsta har nyleg vunne bronse i NM for funksjonshemma saman med hesten Jesper. Dette er den femte noregsmeisterskapen for ekvipasjen, og dei to har ei etter kvart lang merittliste bak seg.

NM: Karine Vassbotn Hestholm er registert som døvblind, og konkurrerer på høgt nivå i riding saman med hesten Jesper. Nyleg tok ekvipasjen bronse i NM. Her ser vi Karine ri konkurranse med ein hjelpar på sidelina som ropar ut punkta på ridebanen då Karine ikkje kan bruke synet for å orientere seg. Foto: Ina Malene Berge 

reportasje

– Det ligg mykje sveitte, tårer, glede, bekymring og jubel bak det vi har oppnådd, seier Karine.

Til spanske gitarrytmar dansa Karine og Jesper seg til ein pallplass i Noregsmeisterskapen i dressur for funksjonshemma nyleg. Gjennom dei to første avdelingane skal rytterane konkurrere i standardiserte dressurprogram, men i finalerunden er det eit sjølvlaga program til musikk der ein verkeleg får vise fram det ekvipasjen er god til. Trass litt tekniske problem undervegs gav innsatsen edelt metall og Karine og Jesper kunne legge til ein bronsemedalje på merittlista si.

Mange gode resultat

Karine og Jesper har ei lang historie saman. Seksten år gamle Jesper er av rasen shagyaaraber, oppdretta av Anne Stine Foldal Aam. I Karine sitt eige har han fått vore med på mange konkurransar og meisterskap. Størst var nok deltakinga i EM i 2009, men også fleire nordiske meisterskap er på lista over det ekvipasjen har gjennomført.

– Eg har konkurrert litt mindre dei siste åra og hatt ein pause frå toppidretten, då hesten min ikkje har vore heilt i slaget på grunn av sjukdom. Det har vore ei lang opptreningsperiode og eg har vore usikker på om det var mogleg å konkurrere igjen og på kva for eit nivå. Men den siste tida har Jesper vore stabil og vi har levert mange gode resultater både i konkurranser for funksjonsfriske og klasser for funksjonshemmede. Med dette byrja eg å håpe på at det skulle gå an å starte NM igjen, seier Karine.

Døvblind

På grunn av kombinert syn- og hørselstap er Karine registert som døvblind, og får konkurrere i eigne klassar for funksjonshemma. Både å førebu seg og å konkurrere på eit så høgt nivå krev ein del lagarbeid, fortel Karine.

– Ved sidan av sjølve ridinga og treninga ligg det mykje arbeid i organisering, eg er for eksempel avhengig av å ha med assistent som kan bistå i det daglege og ved forflytning. Som kombinert syns- og hørselshemma er det vanskeleg å oppfatte og ferdast i omgivelsene utan følge, i tillegg til at kommunikasjon blir vanskeleggjort. Det kombinerte sansetapet forsterker kvarandre, dermed kan eg ikkje kompensere for hørseltapet med synet, for eksempel ved å lese på munnen, eller omvendt, kompensere med hørselen for synstapet, fortel Karine.

Å ri gir meistring

Karine bur i Ørsta, men har studert fysioterapi og gjennomfører no turnusteneste i Bergen. Hesten er med både der og heime. Det er tydeleg at Karine brenn for at både kropp og sinn skal fungere godt i lag, både hos henne og hesten. I ryttersporten finn ho mykje glede og inspirasjon.

– Eg opplever mestring når eg rir. Hesten ser og hører for meg, noko som gir ein opplevelse av å kunne bevege seg fritt. Min fordel som døvblind rytter kan muligens vere at den taktile sansen blir skjerpa. Det å sanse korleis hesten beveg seg er grunnleggande for å bli ein god rytter og kunne styre hesten med små hjelpare. Dessutan gir riding og det å halde på med hest svært god balanse-, koordinasjons- og styrketrening - noko som igjen verkar positivt på funksjon og utholdenheit i kvardagen, utdanning og arbeid.

Ikkje minst synest ho det er inspirerande og motiverande å vere i ryttersport-miljøet.

– Ein møter så mange flotte, ressurssterke mennesker der på tross av funksjonshemming. Det viser at hardt arbeid og ein ståpåvilje utan like, kan lønne seg.

Ønskjer grobunn for hestesport lokalt

Karine rosar hestemiljøet i heimbygda, og takkar trenarar både lokalt og i Bergensområdet for det ho har oppnådd. Ho er usikker på kva som blir neste mål i karrieren.

– Eg fekk forespørsel om eg ville ri NM for lag og representere Alvøen rideklubb til hausten. Dette er ei konkurranse for funksjonsfriske der ein må ri til over 62 % for å bli kvalifisert. Eg er ikkje kvalifisert til dette og tenker det er noko urealistisk, men kven veit. Eg har overraska meg sjølv mange gonger allereie i år, seier Karine.

Ho fortel om knallhard konkurranse på NM-nivå, men draumen er å ein dag kunne stille opp med eit lag frå Ørsta/Volda.

- Det hadde vore veldig kult. Det finst absolutt gode ryttere lokalt i Ørsta/Volda og eg håpar at det blir lagt til rette for at det i framtida også kan være grobunn for hestesport her. Hest er en allsidig sport med mange mogleheitar og som også ein idrett som kan inkludere oss som er funksjonshemma.

AMB

reportasje