Kan holmgangsmannen Ljot vere hauglagd på Raudøya?

reportasje

Vikingen Egil Skallagrimsson – helten frå Egilssoga – var både skald og slåstkjempe. Og ein riddar i nauda. Her på Sunnmøre berga han ei fager jente frå ein lagnad verre enn dauden. Illgjerningsmannen Ljot den Bleike kravde å få jenta, men ho sa nei. Då baud Ljot bror hennar i holmgang. Egil tok på seg å slåst i broren sin stad. Og Egil tok livet av den uynskte friaren. Gammal tradisjon vil ha det til at Ljot vart hauglagd på Raudøya. Kan det stemme?

Soga om Egil Skallagrimsson, òg kalla Egilssoga, ei av dei mest kjende av alle dei islandske ættesogene, er både spanande og velskriven. Forteljinga som vi her vil sjå nærare på, finn vi i avsnittet Egil feller Ljot den Bleike i holmgang.

Der blir det fortalt at Egil var på reise etter å ha vore på vitjing i Trondheim hos kong Håkon Adalsteinsfostre. I Romsdalen  fekk dei seg båtskyss og fór sidan søretter til Møre, og … dei kom til ei øy som heiter Hòd, og fór til gjestings på den garden, som heiter Blindheim. Der budde lendmannen Fridgeir  og Gyda, mor hans, som var syster til Arinbjørn Toresson, ein stormann og herse i Firdafylke. Egil var ein god ven av Arinbjørn, og truleg kjende han både Fridgeir og Gyda frå før.


Egil i holmgang

Då Egil etter nokre dagar skulle halde fram med ferda sørover, fekk han fortalt om ein holmgangsmann som hadde fridd til syster til Fridgeir. Då han vart avvist, hadde han bode ut Fridgeir til holmgang. Friaren var Ljot den Bleike, han var av svensk ætt og hadde kome til landet og vunne seg mykje gods på holmgang. Han skal ha vore ein ovleg stor og kraftig kar.

Det vart til at Egil var med i fylgjet då dei morgonen etter drog dit holmgangen skulle haldast, og dei kom då til ei øy som vart kalla Vorl. Som vi har nemnt, enda det heile med at Egil gjekk til holmgangen, i staden for Fridgeir, og Ljot den Bleike vart drepen. Soga seier ikkje meir om kvar helst øya Vorl låg, og heller ikkje noko om kvar Ljot vart gravlagd.

Etter som dette hende i styringstida til Håkon Adalsteinsfostre, må holmgangen ha funne stad ein gong mellom åra 933 og 961, helst på slutten av perioden og altså for godt over tusen år sidan. Men vår kjelde til soga vart ikkje nedskriven før om lag 200 år seinare, og mangt kan ha blitt mistolka og hugsa feil. Rett nok støttar soga seg på nokre skaldevers av Egil Skallagrimsson, som gjer soga noko meir pålitande, men detaljar og ordskifte i skildringa er sjølvsagt for det meste tillaga av sogeforfattaren.


Hod og Blindheim

Hod er eit gamalt namn på Hareid, dvs Hareidlandet, men der var ingen gard som heitte Blindheim. På Vigra derimot, fanst ein gard med det namnet; hovudsetet for Blindheimsætta.

Lendmannen Fridgeir var utan tvil av ei stormannsætt, og då har ein teke for gitt at det var på Vigra han budde. Forklaringa blir då at Egil berre reiste forbi øya Hod og drog vidare nordover til Vigra. Ein som er litt lokalkjend på Sunnmøre, vil med ein gong stusse litt over ei slik reiserute; dei  måtte altså først ha segla rett forbi Vigra, og då dei kom til Hod måtte dei ha vendt om og segla attende!

Men kanskje var sogeskrivaren ukjend med geografien på Sunnmøre og kort og godt tok feil av namna?  


Holmgangsøya Vorl

Det finst inga øy på Sunnmøre som heiter Vorl. Etter sogeteksten måtte øya liggje nokså nær heimegarden til Fridgeir, og ut ifrå ein viss namnelikskap har det blitt etablert som mest truverdig at Vorl må ha vore eit gamalt namn på Valderøya (vorl liknar på valdr). I den norrøne ordboka er denne tydinga adoptert fullt ut og der kan ein lese: Vorl er eit øynamn, jfr Valderhaug.

Konklusjonen måtte då bli at dei eller den som først forska på dei gamle kjeldeskriftene og omsette Egilssoga til norsk, gjorde det valet at Blindheim var det rette utgangspunktet for ei fullgod forståing av soga. Ein lendmann og nær slektning av firdahersen Arinbjørn kunne då umogeleg halde til på ein liten, ukjend fjordgard, som til dømes Alme ved Vartdalsfjorden?


Andre tolkingar?

I boka Beskrivelse over Fogderiet Søndmør  (trykt i 1766) viste presten Hans Strøm til eit folkeminne her frå regionen, om kjempa Liftur elle Liøtr Bleike som skal ha blitt gravlagd på Raudøya. Han hadde òg funne i ein versjon av Eigil Skallagrims Krønike der namnet på garden i soga, var tyda til Alfheim. Og ikkje nok med det, han hadde fått høyre at på Alme er det Beboernes meget rimelige Meening  at det var der lendmannen Fridgeir hadde budd.

Ein reknar med at det finst tre «redaksjonar» eller utgåver av dei originale, norrøne handskriftene av Egilssoga. Den viktigast er rekna for å vere A-redaksjonen som blir kalla Möðruvallabók, som skriv seg frå 1300-talet. Heilt frå byrjinga av 1900-talet har det vore drøftingar omkring tolkinga av viktige detaljar i soga, og det har vist seg at det slett ikkje er sikkert at gardsnamnet Blindheim er ei rett tyding. Ein stad blir det gissa på at det like gjerne kunne tydast til «Linheim».


Alme eller Almund

Hans Strøm peikte òg på at Alme er nemnt i dei norrøne sogene i ein annan samanheng: i soga om jomsvikingane. I ei  nyare omsetjing av Flatøyboka (A-utgåva) finn vi fjellnamnet Almehammaren som er avleitt av gardsnamnet Alme.

Men truleg er Hans Strøm si tolking rettare, når han foreslår at garden heitte Almund. Ute på øyane, t.d. Godøya, kalla dei før i tida Liadalsnipa for Solmundnosa eller Salmundnosa, og i Norsk Landboeblad nr 26 1810, er det trykt eit kart og ei teikning av fjellet, der Sivert Aarflot har brukt namnet  Saalmunds-Nasa. Det er dermed nærliggjande å tru at Liadalsnipa hadde namn etter Alme-garden og verkeleg vart kalla Almundhammaren!

Med dette byrjar vi å få eit litt anna inntrykk av garden Alme; kanskje var han i eldre tider eit hovdingsete sidan han gav namn både til fjordstranda og til fjellet på den andre sida av fjorden, det mest særmerkte landemerket i regionen?

Vi har ofte vandt for å sjå for oss kva som var dei viktigaste og mest sentrale gardane og områda ved fjordane våre i tidleg mellomalder; krava til ein god gard var nok annleis, då enn no. I ein artikkel i Møre-Nytt (26.8.2004) blir det vist at Steinnes, og dermed området rundt ytste luten av Ørstafjorden, truleg var eit sentrum i Ørsta, lenge før Vik. Ein artikkel i «Mi gamle grend», skrift nr 21 2012 (Hovdbygda soge- og velferdslag) peikar på det same og viser at til dømes Steinnes må ha vore ein hovudgard, kanskje til og med ein tingstad.

I bygdeboka for Ulstein og Hareid finn vi ingen opplysningar om Alme for tida før 1600-talet, og fornminne er ikkje registrert. Garden ligg i terreng som hallar ned mot fjorden og han var dermed sjølvdrenerande, noko som var viktig for ein gard i eldre tider. Han ligg òg solvend og i ly for nordavinden, og kan ha hatt karakter av ein hovudgard og eit lendmannssete. Hans Strøm karakteriserte garden som ein god gard.  


Folkeminne

Hans Strøm skriv at han har opplysningane sine frå folkeminne i regionen. I ein kommentar  understrekar han at det er «Indbyggeres almindelige Meening» at holmgangen mellom Ljotr og Egil skjedde på Raudøya.

Folkeminne må alltid nyttast med stor varsemd, då det som oftast er om lag umogeleg å kunne vite når minna oppstod, og kvar dei skriv seg frå. Vi har registrert at det i regionen finst andre folkeminne om denne holmgangen. På Sætre på Vartdal står «Bauten» - ein om lag 2,35 m høg bautastein på Dysåkeren, på den høge terrassen opp for sjøen.

På Vartdal er det tradisjon for at Ljot den Bleike budde på Sætre og er gravlagd der. Alv P. Sætre skreiv i Møre-Nytt i 1984:

«som liten gut, når me slo rundt bauten sør for Dysa, hugsar eg at far og bestefar tala om at under bauten låg ei kjempe, som Egil Skallagrim tok livet av». 

Ein kan ikkje fri seg frå mistanken om at eit slikt minne kan ha sitt opphav frå Hans Strøm si skildring, som gjennom åra vart lese og munnleg ført vidare. Forteljinga vart ikkje gløymd, men kanskje hugsa ein ikkje lenger alle detaljane og korleis ho kom til.

Når Hans Strøm derimot viser til innbyggarane si meining så tidleg som i 1760-åra, må ein tru at det heile stiller seg litt annleis. Det er mindre truleg at folk på den tida var påverka av skriftlege kjelder, og minnet kunne meir pålitande ha blitt overført frå generasjon til generasjon, ikkje minst fordi det var knytt til eit fysisk objekt: gravstaden og steinkista. Vi kan ikkje sjå bort frå at folkeminnet som Hans Strøm viser til, inneheld noko av sanninga.


Vorl eller Vors

Om vi tek for oss dei norrøne kjeldene til Egilssoga, finn vi at namnet på holmgangsøya er skrive både som Vorl, Vors eller Vòrs (norrønt:  ey ϸa er Vors heitir). Kanskje er det til og med rettare å hevde at øya hadde namnet Vors (sjå ill.). Grunntydinga av ordet er ikkje direkte definert i ordboka, og det næraste ein kjem, er at det truleg har å gjere med ordet vor,  som vi kjenner att i nemninga naust-vor. Øya med ein vor! Dette gir sjølvsagt ikkje noko eintydig namn, men tydinga «Valderøya» fell då bort!

Ei øy med namn Vors (eller Vorl for den saks skuld ) finst ikkje i dag på Søre Sunnmøre, og holmgangsøya ha fått eit nytt namn ein gong i tida, like gjerne Raudøya som noko anna.

Vi må tru på Hans Strøm sin observasjon om at det på hans tid fanst ei gravrøys på Raudøya, der ein kunne sjå fem steinheller som låg forma som ei likkiste. Arkeolog Per Fett gjorde registrering av røysene på Raudøya i 1950. Han fann ikkje spor etter steinkista, men skreiv at røysa visseleg hadde vore høgare, og søraustre halvparten var blitt køyrt på sjøen.

Slutning

Vi meiner at vi har reist velgrunna tvil om noko av det sentrale innhaldet i den gjeldande versjonen av Egilssoga, og ein må vedgå at mykje talar for at Hans Strøm hadde rett i si tolking. Dersom ein kan gjere den slutninga at gardsnamnet Blindheim er feil og det rette namnet verkeleg skal vere Alme eller Almund, då kan det knappast finnast noko anna forklaring enn at holmgangen skjedde på Raudøya og at Ljot den Bleike vart gravlagd der, i den gravrøysa som blir kalla  Kjemperøysa.

Av Martin Furseth