Einebusk mot vettene og graut til gardvorden

Mørketida er farleg, for sterke krefter er i sving.
reportasje

Mørketida er farleg, for sterke krefter er i sving. Her i nord har vi til dømes eit farleg vette som heiter Lussi. Ho kan straffe oss dersom vi ikkje vaskar skikkeleg til jul og ikkje er ferdig i tide. Vi må også passe oss for oskoreia (den fryktelege rideferda). Dette er flokkar av døde menneske som rid gjennom lufta og kan skade eller ta med seg menneske som er ute julenatta.

Det finst vern mot mørkemaktene: Jord og korn er kraftkjelder både i folketrua og i kristen tru. Kornet som får kraft frå jorda, spirer til nytt liv, parallelt med kristen førestilling om at den døde ligg i jorda og står opp til nytt liv.         

Tidlegare føregjekk fødselen på jord, og barnet skulle ligge på jordgolvet ei stund for å ta opp kraft frå jorda. Kvinna som hjelpte til under fødselen, fekk derfor namnet jordmor. Øl som er laga av korn, inneheld også kraft frå jorda. Øl er dermed eit antidemonisk middel – noko som vernar folk mot farlege og vonde krefter.

Gulatingslova frå slutten av 900-talet påla folk å brygge øl og drikke jul til ære for gudane Frøya og Odin, og det fremja venskap og fred å be folk til julegilde med mat og drikke. Øltradisjonen vart vidareført med kristendomen. Frå 1130 i den same Gulatingslova skulle no juleølet drikkast til "signing for Kristus og Jomfru Maria”.

Dersom storbøndene ikkje bryggja til jul og heldt gilde for folk i bygda, måtte dei bøte tre øre til biskopen (det tilsvarte ei halv ku), og vart det ikkje orden på sakene då heller, så kunne bonden i verste fall miste gard og grunn og bli landsforvist.


Juletre og gullfisk    

Juletreet i gamle dagar skulle helst vere ein einebusk – nettopp fordi eine vernar mot vettene. Einen stikk og veks i små kors. Derfor strødde formødrene våre eine på kvitskura golv til helga og rundt kistene i døgna før den døde skulle jordfestast i vigd jord, for den tida er farleg for den døde, og den døde er farleg for menneska.

På Vartdal hadde ein familie juletre allereie i 1865. Det var lenge før det elles var vanleg på Vestlandet, men det er uvisst om det var ein eine. Skikken med å ta eit tre inn i stova og pynte det er først dokumentert i Latvia på 1500-talet, før enn i Tyskland.

I Iran er ein gullfisk i ein bolle like viktig som juletreet er for oss: gull, fisk og vatn er symbol på rikdom og lykke. Klokkeslettet for Norooz (nyttår) 21. mars kan variere på grunn av månefasane, så akkurat overgangen frå eit år til eit anna vert annonsert i radioen og frå alle minaretar i heile landet. Då sit folk og ser på gullfisken sin, for akkurat ved nyttår vil fisken kaste seg rundt og symje i motsett retning.  

           

Kallenamn

Nisse er eit nytt ord, og vi skulle ha sagt Nils som er den norske forma for Nikolaus (biskopen som på 300-talet ga fattige born gåver i tyrkiske Smyrna), men vi påkallar dei farlege maktene viss vi brukar deira  rette namn. Gardsnissen kan vere farleg, vi brukar derfor kallenamnet Nisse. Gjetarane sa i gamle dagar gråbein og bamse, ikkje ulv og bjørn - nettopp for å hindre at dei skulle kome. Det danske uttrykket "ugler i mosen" er ei slik omskriving og tyder "ulvar i myra".

Gardsnissen er eit slags skrømt, ein gjengangar. Somme stader har han skinnbrok, han er innturka og skrukkete. Det viser kor gammal han er, for han er nemleg like gammal som garden han bur på. Han blir kalla gardvord (den som passar garden), tomte, tuftekall - med andre ord den første av forfedrane på garden som rydda tuftene.  

           

Hjelpar og refsar

Vi skal ha respekt for Gardsnissen, for han er både ein hjelpar og ein refsar. Viss bonden steller dyr og gard godt, er Nissen hjelpsam og ein får mykje mjølk og friske dyr. Men dersom ein vanskjøttar gard og dyr, vert ein straffa, ikkje minst økonomisk: Han kan sette eld på løda, sleppe ut dyra om natta og sette sjukdom både på dyr og folk. Nissen har lange klør som han likar å kvesse på menneskeskinn. Han kan knipe oss blå når vi søv, eller gi oss verkefinger. Han passar på at menneska har god arbeidsmoral og pliktkjensle: Det skal vere kveldsvart (stilt om kvelden), ein skal ikkje trysje i dørene, men legge seg tidleg slik at ein kjem seg opp til arbeid om morgonen.

Gardsnissen er oftast usynleg, men mange har opplevd han, særleg i løda og helst i stallen med hesten. Han er liten som ein katt eller dverg, og han likar å tulle med oss: Når vi ropar i skogen, så svarar han med ”dvergmål". Han er blåkledd, med topphue, men i 1880-åra gjorde julekortindustrien i Amerika han raudkledd og festleg med stort, kvitt skjegg.

Det er lønsamt å halde seg inne med nissen, og slik som dei gamle gudane, krev nissen offer. Han vil helst ha graut. Eit ordtak seier: Graut til nissen kvar torsdag gjer deg rik. I vår tid får nissen grauten i løda, men tidlegare skulle forfedrar få offeret ved tuntreet på garden.

           

Heidendom og kristendom

Mykje i folketrua er ei blanding av heidendom og kristendom. Vi ser det tydeleg i bergtakingstradisjonen: Viss nokon vart teken i berg til huldrefolket, så måtte ein ringe tre torsdagskveldar (heidendom) med kyrkjeklokka (kristendom).

Å ha eit salmebokblad inne på brystet, å korse seg, ha ei opa saks som forma eit kors i barnesenga før barnet var døypt osb. verna mot at huldra tok menneskebarnet og la att huldreungen sin (ein byting). Ho ville at barnet hennar kunne vekse opp med sollys og ikkje under jorda. 

Det var best å halde seg inne med både heidne og kristne makter, og tankegangen varte lenge. Då faren min var liten, dekka mora hans bordet med tallerkar og litt mat då dei skulle legge seg julenatta (ca. 1912). Då han spurde om grunnen til dette, svarte ho: ”Det snakkar me ikkje om”.  Utan tvil var dette ein rest av ein offertradisjon til forfedrar, gardsnissen, som ein ikkje heilt torde å slutte med ”viss det skulle vere noko i det”.   


Julepynt og julemåltid

I Kina symboliserer raudfargen lykke. Det må derfor henge raude plakatar med vernande tekstar på alle dører, og dører, og vindauge må stå opne nyttårsnatta slik at det gamle året kan forsvinne.. Til nyttår må ein også pynte med bambus som er symbolet på langt liv. I Russland er det konkurranse i ulike byar om å lage den finaste isskulpturen. Svære figurar med lys monterte på innsida pyntar opp torget.

I katolsk tradisjon på Filippinane er det først og fremst betlehemsstjerna som er viktig. Parol er ei 5-kanta stjerne laga av cellofan eller rispapir i skarpe fargar, og stjerna vert brukt både ute og inne. I byen San Fernando er det tradisjon å frakte ei 20 fot høg stjerne med blinkande lys gjennom gatene. I kristne land har vi dessutan ofte pynt av halm, noko som symboliserer at Jesus låg i ei krybbe med halm, og juletreet og lysa symboliserer Jesus, verdas lys. Kulene står for verda som Gud har skapt, hjarta er Guds kjærleik, lekkjene viser samhald osb.

           

På strå

I nokre land skal det vere tolv matretter på bordet. Dette symboliserer dei tolv apostlane eller dei tolv månadene i året. Særleg har Polen bevart mykje religiøs symbolikk som gjeld julehøgtida. Under duken på julebordet legg polakkane tørka gras, for Jesusbarnet låg på strå i ei krybbe. Dette er så vanleg at det inne i avisene ligg ein pakke gras før jul.

På julebordet vert det dekka på til ein ekstra person. Symbolsk er det Jesus som er gjesten, men ikkje sjeldan kjem ein person som ikkje har slektningar og får denne plassen. På kvar tallerken skal det ligge oblatplater, og ståande skal ein bryte brødet før ein set seg til bords.  

Måltidet julekvelden kan først begynne når den første stjerna viser seg på himmelen. Kjøt er den beste julematen, men menyen på julekvelden er fisk fordi ein skal avstå frå det beste til 1. juledag. Sjølv sekulære polakkar et heller ikkje kjøt på fredagar, for Jesus døde på ein fredag.

             

Vonde makter

Dei siste minutta før jul og nyttår er kritiske, for vonde makter og krefter vil følgje med inn i høgtida og det nye året. I alle kulturar er det såleis om å gjere å lage mykje bråk, for vettene er redde skarpe lydar: I Japan vert det til dømes ringt med klokkene 108 gonger i shinto-templa.

Kva gjer vi i Noreg for å skræme vekk vonde makter rett før julekvelden tek til og på nyttårsaftan? Vi ringjer med kyrkjeklokkene i ein heil time, noko som kan tolkast som ei blanding av heidendom og kristendom. På Filippinane lagar folk verkeleg bråk rett før nyttår: dei slår på kasserollar og trommer, dei startar bilmotoren, mixmasteren og støvsugaren for å skræme bort vonde ånder slik at dei ikkje skal vere med inn i det nye året, men også på grunn av analogitenking: Dersom maskinene verkar ved inngangen til det nye året, kjem dei til å verke heile neste år.

I Noreg kan vi også skyte inn det nye året nettopp for å skræme bort vette med skarp lyd. Vi har av same grunn tradisjonen med saluttar når kongebarn blir fødde, og bak bilen til nygifte kan vi henge tome fiskeballboksar som skal skramle nettopp for å hindre at vonde ånder følgjer med inn i ekteskapet. Det verkar ikkje alltid.

           

Den vernande elden

På 500-talet ga Sui-dynastiet i Kina verda eit vern med fyrverkeriet: skarp lyd og lys (eld) – noko som har dobbel effekt til å skræme bort ånder og vetter. I folketrua har vi ein lang tradisjon med å bruke eld mot vettene, for eld er purifiserande – reinsande - og Skjærselden kjenner vi til.

Vi har same tankegang i mange deler av verda: I Iran skal ein hoppe gjennom eit bål nyttårsaftan – noko som er eit reinsingsritual frå Zarathustras tid. Eld kurerer sjukdom, sjukdommen ligg att i elden når vi hoppar gjennom bålet. Med same hensikt laga finnane (samane) bål og gana vekk ormar på dei gardane som bidrog med ved. Finnen sprang gjennom elden, og ormane følgde etter og blei liggande att.

Men, som vi veit, så braut ein gong Lindormen seg ut og laga Masdalskloven. Då blei finnen sjølv liggande att i bålet, og Lindormen vann den gongen.

           

Å avslutte på rett måte

Særleg muslimske kulturar legg vekt på at ein må gjere opp uvenskap og betale gjeld før nyttår, viss ikkje vert det meir av dette i det nye året. Kinesiske born må av same grunn ikkje få pisk som gjer at dei græt rett før nyttår, og i alle kulturar bør heimen vaskast godt slik at det ikkje vert mykje rot og skit året som kjem.

Det er også ei meir psykisk side ved å begynne eit nytt år: Gjennom gamleåret har vi samla opp ein del frustrasjon, og dette må vi kvitte oss med før det nye året  - elles dreg vi det med oss inn i det neste. Folk i Latvia kan gjere det slik: Naboar møtest nyttårsaftan og slår ein kjetting rundt ein stor vedkubbe som dei dreg frå gard til gard - i ein sirkel med sola - og tilbake til utgangspunktet. Folka på gardane dei er innom, kan mane oppsamla sorger og bekymringar frå gamleåret inn i denne vedkubben, og til slutt skal kubben brennast opp.

Også filledokka año viejo (det gamle året) i Ecuador skal brennast klokka 12 nyttårsaftan for å bli kvitt all oppsamla misnøye og aggresjon før det nye året, og i Iran kan ein som nemnt hoppe gjennom eit bål for å kvitte seg med sjukdom og sorger.

Ein annan tradisjon, særleg i Hamadanområdet, er at familiane har ei krukke (ei sorgkrukke) av keramikk i gangen. Når ein gjennom året opplever irritasjon eller sinne, skal ein kaste småpengar i krukka for å legge frå seg dei negative kjenslene. Ved solnedgang nyttårskvelden tar ein med krukka opp på taket og slepper den i gata så pengar og sorger blir strødd utover -  til glede for borna i nabolaget.


Juleneket

I mørketida må vi også hugse på småfuglane. Juleneket er eit offer for fruktbarheit og eit vern mot mørkemaktene sidan kornet har fått kraft frå jorda. Tradisjonen med å henge opp eit kornband er dessutan rekna for å vere den einaste ekte, norske juletradisjonen vi har.

Av Reidun Aambø