Sjukdom inga hindring for Bente

Det er kort avstand frå tanke til handling hos Bente Åmbakk (47).
reportasje

Sommaren for to år sidan gjekk ho til topps på Saksa (1073 moh). Og tenkte at denne toppen er eit glimrande alternativ også for andre fjellvandrarar. - Men huff, tenkte Bente, - det er ei hersens lang steinrøys like under toppen! To år etterpå vart den nye Saksaråsa opna, 378 trappetrinn gjennom ura, bygde av sherpaer frå Nepal. Og det på Bente sitt initiativ og tildriv. Samstundes som ho sleit med eigen kreftsjukdom leia ho prosjektgruppa for Saksaråsa.

Jens Arve Forbord er med i prosjektgruppa. – Det er Bente som har ideane. Det er ho som er initiativtakaren. Det er ho som har det store kontaktnettet. Det er ho som ikkje tek nei for eit nei. I tillegg er ho er bestemt. Ja, og så er ho flink til å få med seg dei rette folka. Og sjølvsagt har ho god greie på pengar og økonomi, rosar Forbord.

Han gir eksempel: - Det var Bente som hadde ideen om å leige inn sherpaene. Ho tok sikkert nokre telefonar, fekk vite kva arbeidet deira ville koste, og så tinga ho dei – før vi visste om vi hadde noko å betale dei med. Men det såg ikkje ut til å uroe henne. Ja, ja, sjølvsagt kom finansieringa på plass.

Gode hjelparar

Dette siste året har vi lese mest om Bente som initiativtakar og pådrivar for å få bygd råsa frå Lekneset og Urke til toppen av Saksa. Men skiinteresserte ørstingar kjenner henne best frå Alpingruppa til Ørsta IL.

- Ja, det gjer dei nok. Egil (ektemannen) og eg har tre barn som er- eller har vore aktive alpinistar. På den måten vart vi dregne med i miljøet.

- Som trenerar?

- Egil, ja. Det er han som er praktikaren. Eg har vore meir i kulissane.

Alpingruppa

No ja. Bente har nok vore litt meir enn kulissearbeidar i alpingruppa. Ho er først og fremst mor til tre barn som har nådd høgt opp på listene i alpint i sine årsklasser, også på nasjonalt nivå. Men i tillegg har ho vore både styremedlem og styreleiar i alpingruppa i Ørsta IL. Ho har vore med og arrangert ”Jentebølgen”, ho har vore med på 17. mai-arrangement, ho har vore med og arrangert dans … I det heile har det vore ei viktig oppgåve for Bente å skaffe pengar til veges og ikkje minst halde orden på økonomien i alpingruppa.

- Eg har likt arbeidet i alpingruppa. Det gode miljøet har eg sett stor pris på. Og heile tida har eg vore så heldig at eg har hatt fantastiske folk rundt meg. Det same gjeld forresten dei eg har med meg i styringsgruppa/styret for Saksaråsa også.

- Men som du høyrer, rosar Jens Arve Forbord deg ikkje minst for å vere flink til å skaffe pengar  til ulike prosjekt.

- Det må vere fordi eg ikkje er redd for å spørje, og eg toler å få eit nei.

- Men han seier at du ikkje nødvendigvis tek eit nei for eit nei?

- He, he, det har han nok rett i.  Men igjen, det er nærast ei gåve å få lov til å drive med frivillig arbeid når ein har folk rundt seg som er så flinke til å gjere idear om til gode, praktiske resultat. Og sidan eg dette siste året  har vore sjukemeld, har eg også hatt god tid til det frivillige arbeidet, m.a. med Saksaråsa.

Brystkreft

- Sjukemeld, Bente, er ikkje du så sjuk at du berre skulle ha lege på sofaen og teke imot sympati frå familie og nære vener?

- Nei, akkurat det kunne eg ikkje drøyme om. Men ja, eg er sjuk. Eg har brystkreft. Eg har brystkreft med spreiing. Og legane seier at dei ikkje kan gjere meg frisk igjen.

- Men er det ikkje slik at det er gode utsikter for å verte kurert frå brystkreft?

- Sikkert, men det er no over seks år sidan eg gjekk til lege og etter kvart fekk diagnosen. Men då hadde eg allereie kjent kulen eit års tid. I tillegg hadde eg også hatt vondt i brystet ei tid…  Jau, eg innser sjølvsagt at eg burde ha gått til legen lenge før, men det var litt travelt, og så kjende eg meg trass alt frisk …

- Heldig

Bente fortel at ho har vore operert, har vorte stråla, har fått cellegift i massevis, har fått masse medisin. Likevel har ho altså ikkje vorte frisk, eller vil verte det. Men igjen seier Bente at ho har vore heldig.

- Ja, eg har vore heldig. Heldig fordi eg har tolt medisinen godt og heldig fordi eg  kunne gå på jobb mesteparten av tida i sjukdomsperioden – heilt fram til eg vart sjukemeldt for vel eitt år sidan. OK, det har vore litt tøft til tider å få dei negative beskjedane, men tru det eller ei; ein vert herda etter kvart. Og eg har heile tida hatt som mål å leve så normalt som mogleg.  Det trur eg har vore best for både gode vener, familien som eg er så heldig å ha rundt meg og ikkje minst meg sjølv. Nei, tanken om at eg berre skal leggje meg på sofaen og synest synd på meg sjølv har ikkje streifa meg. Det hadde ikkje vore mogleg.

- Men i telefonsamtalen vi hadde for nokre dagar sidan forstod eg at du nyleg hadde vore inne i ein tøff periode?

- Ja, det er rett. Eg kom meg på topps på Saksa under den offisielle opninga av nyeråsa den 15. september. Det gjekk bra, men så vart eg rett etterpå sitjande pal i to dagar framfor pc-en for fullføre søknaden til Gjensidigestiftinga om meir pengar til fullføringa av prosjektet. Det tok på. Akkurat no er det væske i lungeposane som er det største problemet, men eg skal nok kome meg over denne kneika også. Og som du sikkert såg i Møre-Nytt sist laurdag, fekk vi pengane vi søkte om, 107.000 kroner!

Det er generelt ikkje noko resignert å sjå i augo til Bente Åmbakk, men ho smiler ekstra når ho fortel dette.

Sjukehuset

Så snakkar vi litt om turen ho og dottera hadde til New-York no i haustferien, om dagane rett før avreise då ho vart så dårleg i ryggen at ho knapt greidde å flytte på seg i senga. Men til storbyen kom dei to likevel.

- Eg fann noko smertestillande medisin i skapet, så ringde eg Bottolf  (ja, ho er på fornamn med overlegen sin, og forklarar at ho meiner Bottolf Lødemel ved sjukehuset i Volda), og han sa at vi berre kunne reise, men la til at eg kom til å trenge meir smertestillande medisin enn eg hadde i skapet.

Bente smiler på nytt, men vert alvorleg igjen då vi byrjar å snakke om sjukehuset i Volda.

- Du må få med at eg så gjerne skulle ha vore langt meir aktiv i kampen for akuttavdelinga ved sjukehuset i Volda. Dessverre har eg akkurat no ikkje krefter nok, men akuttberedskapen er så viktig! Når ein akuttpasient kjem inn, må helsepersonalet ta seg av og sjå heile personen.  Der er i legar med ulik bakgrunn og erfaring, og der er anna helsepersonell med mykje kunnskap. Dei diskuterer med kvarandre, og dei lærer av kvarandre. Dei gjer kvarandre dyktigare. Og frykta for at sjukehuset skal misse attraktiviteten ligg der sjølvsagt om den kirurgiske akuttavdelinga vert fjerna derifrå. Eg er sjølv pasient ved sjukehuset. Eg er  der kvar onsdag og får medisin. Eg ser at sjukehuset er viktig for mange.

Same behandling

- Men for din del, hadde det ikkje vore betre om du var pasient ved eit sjukehus der ein lege er meir spesialisert akkurat på det fagfeltet du har behov for?

- Det er ikkje ei aktuell problemstilling. Eg veit at når legane mine t.d. ser behov for at eg må skifte medisin, så diskuterer dei problemet med legar i Ålesund, evt. med legar ved St. Olavs hospital i Trondheim. Behandlinga eg får i Volda er akkurat den same som eg ville ha fått om eg tilhøyrde eit av dei andre sjukehusa. Og tenk på vêret. Ofte treng vi sjukehuset når vêret er på det dårlegaste. Då er det slett ikkje sikkert at helikopteret kan kome når vegen er stengd.

Bente Åmbakk er svært engasjert når ho snakkar om dette, og ho meiner at  helsestatsråden/regjeringa heller burde ha renovert sjukehuset i Volda framfor å leggje ned ei avdeling. Kanskje er det siviløkonomen i henne som kjem fram, men ho hevdar at regionen vår no slit ekstra mykje p.g.a. låge oljeprisar og påfølgjande nedlegging av arbeidsplassar. I ei slik tid burde regjeringa drive motkonjunkturpolitikk, t.d. renovering av sjukehus.

Men Bente stolar på demokratiet: Engasjerer vi oss skikkeleg, trur ho at vi får behalde ei teneleg akuttavdeling ved sjukehuset i Volda minst på linje med den vi har i dag.

- Har det godt

Bente krev å bli trudd når ho seier at ho ikkje er bitter fordi det var akkurat ho som skulle verte alvorleg kreftsjuk. Kva skulle det i så fall vere godt for, spør ho. Rett nok har ho tenkt eit par gonger i det siste: Enn om eg hadde gått eit år tidlegare til legen? Men bitter? Slett ikkje!

Det som likevel irriterer henne, er at ho måtte bli sjuk før ho forstod kor godt ho hadde det og kor godt ho har det no. Få av oss tenkjer på kor heldige vi er fordi vi er fødde akkurat i Noreg. Det er for gale at ein alvorleg sjukdom må til før vi forstår å setje skikkeleg pris på familie, arbeidskollegaer, vener osb. Og Bente kjem med eitt godt råd:

- Tillat deg å ha det godt kvar dag. Ikkje irriter deg over bagatellar.

Hø føler sjølv at ho enno har meir å gje til andre. Prosjektet Saksaråsa er ikkje ferdig. Dei nye pengane frå Gjensidigestiftinga skal gå til å lage parkeringsplass, og på nytt skal sherpaer leigast inn. Denne gongen for å leggje stein og byggje små bruer i den bratte råsa frå Urke og opp i Leknesdalen.

Vidare skal det lagast ei ny «panoramautsiktrås» med startpunkt i Jenteskaret, skaret rett under Slogen. Råsa skal så gå over Maudekollen og Kloksegga og vert avslutta nede ved inntaksdammen til kraftverket på Urke.

Men det som gler Bente mest akkurat no er planlegginga av arrangementet dei skal ha på Urke i romjula, nærare bestemt den 29. desember. Denne dagen brukar familien hennar å ha familiedag på Urke, men no vert denne dagen gjord om til ein festdag for heile bygda.  Det vert fakkeltog opp til Leknesdalen og gapahuken ”Bentebu”, det vert Mini-LAN for dei små, det vert treff for dei vaksne på Kaihuset, det vert fest for ungdommen osb. Oj, oj kor ho gler seg.

- Og når du er ferdig med alt dette, Bente, då legg du deg på sofaen?

- Det kan du tru. Nei, eg held på så lenge eg kan!

Av Knut Hustad