Ta ein god kikk på kunngjeringsannonsene i denne avisa, eller på folkeliv-sidene. Kvar einaste dag skjer det verdfull aktivitet i lokalsamfunna våre. Nokon står bak alle aktivitetane.

Dei historiske røtene til den norske dugnaden går langt attende i bondesamfunnet frå gamalt av. Men også i industrisamfunnet og innan arbeidarrørsla er solidaritet og friviljug innsats sterke verdiar. Vi såg det til dømes i gjenoppbygginga av det norske velferdssamfunnet etter krigen, der dugnadsånden og friviljug innsats sto sterkt.

Mange hevdar at dugnaden er i ferd med å døy. Samfunnet vårt er meir og meir prega av individualisme og fokus på sjølvet, og hypotesa er at dette går ut over innsatsen for fellesskapet. Det kan nok på mange måter stemme. Det finst mang ein «gratispassasjer» som tek for gitt at alt går av seg sjølv.

Men samstundes registrerer vi at aktiviteten er stor i lokalsamfunna våre. Om du går på ein fotballkamp, ein konsert, i 17. mai-toget eller ser burettslag-medlemmer rydde i sameiget – så vit at det er mange som står bak at samfunnet vårt går rundt. Den skogsvegen du går tur på, er kan hende rydda og vedlikehalde av dugnad i grunneigarlaget. Dei foreldra som trenar laget til guten din, bruker utallige timar i året på idretten til dine born. Flagga og bjørkerisa langs 17. mai-ruta er sett opp av bygdefolk. Og kven tek vare på kulturminna i lokalsamfunnet?

Det er ikkje noko som kjem av seg sjølv.

Tenk over det neste gong nokon kjem på døra og sel lodd, fastelavnsris eller ein kalender. Desse kvardagsheltane som gjer ein friviljug innsats fortener sjølv ein blome i knappeholet. Utan kvar og ein av dei ville det ikkje gått rundt. Ein veldig positiv effekt av dugnaden er dessutan at den verkar sterkt integrerande, ikkje berre i forhold til nye landsmenn, men også i eit større perspektiv, på tvers av sosiale og økonomiske skillelinjer i befolkninga.

No i desse maidagane kan vi trygt slå fast at den norske dugnaden langt ifrå er daud. Men den ueigenyttige innsatsen for fellesskapet treng likevel å bli løfta fram som ei verdfull dygd i samfunnet.