Nokre gongar er det interessant å følge med på nyheiter i to parallelle kommunar. Sjølv om Ørsta og Volda er like i storleik og meir og meir også er like som lokalsamfunn, så finst der nokre forskjellar.

Volda har scora godt på dei siste openheitsbarometera som Norsk presseforbund og Kommunal Rapport gjennomfører årleg. Her blir kommunane rangert etter kor gode dei er til å legge til rette for ein open og opplyst offentleg samtale, slik Grunnlova sin §100 krev. Her har Volda vorte stadig betre på å sikre innbyggarane innsyn.

Ein ting er kor opne dokument og møter er. I ei moderne digital tid er det også viktig kor tilgjengelege møta er.

Vi merkar oss at Volda næringsforum har etterlyst at også formannskapsmøta i Volda vert strøyma, slik praksis er med kommunestyremøta. Sjølv om du kan møte opp fysisk og høyre på politikarane, er det i praksis svært få som gjer dette. Formannskapet er eit særs viktig utval der mange saker vert drøfta og knadd før dei kjem opp til handsaming i kommunestyret.

Om ein ser til Ørsta, gjer dei det same med begge dei viktigaste politiske organa. Du kan følge møta på nett. Vi meiner det ville vere bra for lokaldemokratiet om voldingane såg til Ørsta og la seg på same praksis. Eit ope og transparent folkestyre skapar tillit og bygger truverd, og er ikkje noko ein burde vere redd for. Når ein allereie filmar kommunestyremøta, kan det ikkje vere tekniske årsakar til å ikkje gjere det same.

Vi kan gjerne minne om at Offentleglova vart innført av Sp-høvdingen Per Borten, då han sat som statsminister i 1971. Med andre ord ville det vere god senterpartipolitikk å opne opp mest mogleg, ikkje berre når det gjeld dokumenetinnsyn, men også møteoffentlegheit i det lokale sjølvstyret.

Formålet med lova var og er å legge til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig. Dette styrkar informasjons- og ytringsfridomen. Hensikta er å styrke demokratisk deltaking, rettstryggleiken for den enkelte og kontroll frå ålmeinta.