FHI har i 2020 sett på om lang reiseveg til fødeinstitusjon gjev uheldige konsekvenser ift fødselshjelp. Der kom det fram at dette gir auka risiko for tidlig fødsel og transportfødslar.

Helse M og R har foreslått å stenge ei velfungerande gyn/føde/barsel avdeling i Volda i 5 veker i sommer. Målet er økonomisk gevinst, uten at noko regnestykke er presentert.

Ny infrastruktur på Søre Sunnmøre har gjeve auka tilstrøyming til Volda sjukehus dei siste åra, innanfor alle fagfelt inkl. gyn/føde. Forslaget om sommarstenging vil føre til uakseptabel reiseveg for mange kvinner på Søre Sunnmøre/Nordfjord.

I tillegg vil dette truleg legge beslag på ambulansetenestene, når følgeteneste vert påkrevd. Dette kan lett få konsekvensar for total beredskap i vårt område.

Aktiviteten ved ei gyn-/fødeavdeling er ikkje berre begrensa til fødslar, men omfattar også poliklinikk, kontakt med bekymra gravide, ul lyd us i uke 13 og 18, akutte gyn.pasientar, oppfølging av gyn.pasientar osv. Er der så stor kapasitet ved Ålesund sjukehus at dei kan ta alle fødslar og øvrige henvendelsar frå Volda i ei periode når dei sjølve skal avvikle ferie.

Sommaren 2007 var fødeavdelinga i Volda sommarstengt. Evalueringa i etterkant var - kort oppsummert: Mykje uro og unødig bekymring både for personell og gravide. I tillegg lite innsparing. Helseforetaket blei i etterkant sterkt frårådd å gjenta dette. (Legg ved SMP sitt referat frå styremøte).

I tillegg vil det bli auka kostnad ifm. følgeteneste, som ikkje var med i berekningane i 2007. I lys av dette finn vi grunn til å stille spørsmål ved motiva bak den foreslåtte endringa.

Slik vi ser det er lite som tilseier at resultatet av eit slikt vedtak skal bli noko anneleis sommaren 2023.

Vi og mange rundt oss kjem til å følge denne saka tett.