Vi i Sunnmørsk klatreklubb synest det er trist at kommunestyret i Ørsta gav frå seg det unike tilbodet frå staten om (gratis) konsekvensutgreiing knytt til eit eventuelt vern av Molladalen. Dalen og tinderekkjene som omkransar han er tvillaust mellom dei aller flottaste naturperlene ikkje berre i Noreg, men jamvel i heile verda. Det har blitt oppdaga av stendig fleire både lokale og tilreisande turgåarar og fjellklatrarar dei seinare åra, noko som allereie har ført til auka belastning på stiar, teltplassar og naturmangfaldet i og ved dalen. Derfor var det etter vårt syn mykje uheldig av kommunestyret å takke nei til tilbodet frå staten om utgreiing av moglege føremoner og ulemper ved vern av Molladalen.

Tradisjonar og truverd

Tindane som omkransar Molladalen tiltrekte seg merksemd og fekk sine første vitjingar frå britiske fjellklatrar som C.W. Patchell, V. Slater og G. Hastings allereie for nesten 150 år sidan, sjølv om sistnemnde fann «en vel bygget varde» då han toppa ut på Jønshornet i 1889. Dei andre tindane som omkransar dalen, har fått namn etter andre tilreisande fjellmenn på denne tida, slik som Randers topp, Mohns topp og Slingsbys topp. Dette vitnar om at tindane kring Molladalen har vekt åtgaum mellom fjellfolk vide omkring langt attende i tid.

Sunnmørsk klatreklubb blei stifta i 1974, og heilt sidan stiftinga har Molladalen vore den desiderte favorittdalen mellom klubben sine medlemer. Grunnen til dette er enkel; dei bratte pinaklane og veggene som omkransar dalen, byr på det som etter kvart har blitt til eit hundretals klatreruter på bombefast gneis, samstundes som at det i området kring Storevatnet finst ei rekkje flotte plassar for telting. I fleire tiår var vi klatrarane nesten åleine om å opphalde oss i dalen, om enn alltid i godt selskap med godlynte sauer på sommarbeite. Dalen er unik ikkje berre fordi han er fantastisk vakker og byr på utruleg flotte klatreruter, men også fordi det aldri har stått hytter eller andre menneskelege installasjonar i han. Sunnmørsk klatreklubb har alltid vore opptekne av å ivareta stolte fjelltradisjonar om sporlaus ferdsel i Molladalen, og når vi har tillate oss å etablere nokre rappellruter for trygge returar på utvalde vegger, har det alltid skjedd etter grundig avvegingar og debattar i klubben. Det gjev klubben truverd når vi no uttalar oss.

Drit og dronar

Dei siste ti åra har vi opplevd ein kraftig auke av turistar og teltarar som har funne glede av å gå og opphalde seg i den fantastiske dalen. Det er vi i og for seg glade for, men det er ikkje til å stikke under ein stol at den kraftig aukande tilstrøyminga av turistar gjev auka belastning på naturmangfaldet i området. Ifølgje Miljødirektoratet representerer Sunnmørsalpane og Molladalen «et sterkt oseanisk område som inneholder flere sjeldne arter», og så seint som måndag i denne veka vedtok FNs naturtoppmøte COP15 ein historisk avtale som har som mål å stoppe og reversere naturtapet innan 2030. Den store auken i turistar har også ført med seg stor belastning på stiar og teltplassar, og dessverre er det slik at ikkje alle er like medvitne om å ta med seg søppelet sitt ned att frå dalen – og heller ikkje om kvar dei legg frå seg mannskiten sin. Dessutan har vi som klatrar og teltar i dalen opplevd ein massiv auke i bruk av dronar i dalen dei siste fem åra, noko som gjev svært uheldig og uønskt støyforureining.

Nasjonalparkstatus

All røynsle syner at brukarane av område som har nasjonalparkstatus er mykje meir medvitne om sporlaus og skånsam ferdsel enn brukarar av andre naturområde. I tillegg stiller staten opp med midlar for vern og tilsyn, samstundes som det er forbod mot all form for motorisert ferdsel i nasjonalparkar – også dronar. Derfor er det all mogleg grunn til å tru at det «urøyvde» ved og

naturmangfaldet i dalen hadde blitt mykje betre ivareteke om ein fekk slik status for området kring Molladalen. Det ville også høgst truleg ha ført til auka tilstrøyming av naturmedvitne turistar til «verdas flottaste dal», og dermed merkevarebygging og verdiskaping i Ørsta kommune. Derfor burde denne kommunen, som marknadsfører seg med slagordet «I hjartet av Sunnmørsalpane», iallfall ha gripe sjansen ein fekk til å utgreie føremoner og ulemper ved vern av Molladalen. Det gjorde ein dessverre ikkje, og derfor vil vi avslutte dette opne brevet med tre spørsmål til fleirtalet i kommunestyret som takka nei til konsekvensutgreiing om mogleg vern av Molladalen:

Korleis påverkar auka droneflyging, forsøpling og naturslitasje merkevara Molladalen?

Korleis vil kommunen møte utfordingane med auka turisme i Molladalen?

Kvar i budsjettet finn ein midlar til tiltak som kan vere med å løyse desse utfordringane?

Styret i Sunnmørsk klatreklubb